Barnehagelærar
Hunstad barnehage, Helse Bergen HF
Jonas Lies vei 59, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Hunstad barnehage er ein av sjukehuset sine fire barnehagar og har plass til om lag 45 barn i alderen 1–6 år. Barna er fordelte på to avdelingar: Ulriken og Løvstakken. Barnehagen er kjenneteikna av eit oversiktleg miljø, nære relasjonar og høg fagleg medvit i det daglege arbeidet. Vi har no ein ledig stilling til ein motivert barnehagelærer som vil vere med å gi barna gode kvardagar i barnehagen vår.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har eit ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.
Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og det er tett samarbeid mellom barnehagane kor vi hentar idear og inspirerer kvarandre i dette arbeidet. Vi har «Inkluderande leike- og læringsmiljø» som utviklingsprosjekt og er i startfasen når det gjeld leik med digitale verktøy, do:be er eit av våre digitale verktøy.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er ein unik moglegheit til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Synes du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stilling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar som fremmer barns læring og utvikling
- Sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, og gi omsorg og støtte etter behov
- Observere barns utvikling og dokumentere framsteg og behov. Samarbeid med andre instansar ved behov
- Kommunisere regelmessig med foreldre om barnas trivsel og utvikling
- Arbeide tett saman med andre tilsette for å sikre eit godt leike og læringsmiljø
- Sikre at alle barn, uavhengig av bakgrunn og behov, får delta i aktivitetar og oppleve meistring
- Halde seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Kunnskap om barns utvikling: God forståing av barns utvikling og læring.
- Vedkommande som blir tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr. Lov om barnehagar §30
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig barnehagelærar med engasjement for barn og barneperspektivet
- Ein lagspelar med gode samarbeidsevne til å jobbe i team med andre kollegaer
- Gode kommunikasjonevner i å kommunisere med både barn, foreldre og kollegaer
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert med evne til å tilpasse seg ulike situasjonar og behov
- Tolmodig, positiv og leiken
- Omsorgsfull vaksenperson som har evne til å vise empati og omsorg for barns behov og kjensler
- Du er raus og respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
Vi tilbyr
- Ein spennande og engasjerande arbeidskvardag
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Eit godt fagleg fellesskap der vi tilrettelegger for refleksjon, faglighet, støtte og rettleiing
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar: Trygge og gode ordningar for pensjon og forsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Irene Becker Pedersen, Styrar, 92249603Arbeidsstad
Jonas Lies vei 595021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5077213760
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Irene Becker Pedersen
Styrar
92249603
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1c2f6052-fc20-4f2c-b9b2-43130eb7ff42
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2dcb31ba40ce4fbcb53b92b99066bcff
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kniksens plass barnehage, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Møhlenpris oppveksttun barnehage, Bergen kommune
Sted
Bergen
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Låven Barnehage
Sted
Bergen, Vestland