Vil du ha sommarjobb i helse- og omsorg?
Fjaler kommune Helse og omsorg
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Ønskjer du ein spennande og meiningsfull sommarjobb? Fjaler kommune treng vikarar til Helse- og omsorg sommaren 2025 i veke 25-33. Vi tilset fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.
Vi har ledig ferievikariat ved følgande einingar:
- Fjaler sjukeheim
- Dagsenter sjukeheim
- Heimetenesta med brukarar i heile kommunen
- Miljøarbeid for menneske med utviklingshemming
- BPA (personleg assistent til enkeltbrukarar)
- Institusjonskjøkkenet ved Fjaler sjukeheim
Dersom dette er interessant for deg, kan du gjere følgjande:
- I søknaden set du opp ynskje for den eller dei einingane du helst vil arbeide ved i sommar
- Du må presisere kva tidsrom du kan jobbe i
Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden vil bli prioriterte.
Arbeidsoppgåver:
- Oppgåvene er varierande alt etter kvar du arbeidar. Døme på oppgåver er pleie, omsorg, praktisk bistand og miljøarbeid ved institusjon og helsetenester i heimen
- Felles for alle sommarvikar er fokus på gode tenester til brukarar og pasientar
Kvalifikasjonar:
- Alle søkjarar må ha fylt 16 år
- Søkjarar til arbeid i heimetenesta må ha førarkort klasse B.
- Alle sommarvikarar må levere politiattest og få godkjend MRSA- og tuberkulinerklæring før tiltreding.
- Søkjarar må kunne kommunisere godt på norsk
Personlege eigenskapar:
- Interesse for å arbeide med menneske
- Vere fleksibel
- Evne til samarbeid
Vi tilbyr:
- Løn etter tariff og lokale avtalar, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna ut frå studieforløp
- Bonusordning:
- Bonus pr veke, for dei som fyller 18 år i løpet av året som jobbar minimum 4 veker (må være disponibel for minimum 4 vakter per veke).
- Bonus for dei som er under høgskuleutdanning innan helse- og sosialfaglege yrke og for dei som har fullført to års skulegang ved helsefag på vidaregåande skule.
- Legestudentar og psykologistudentar får løn som 3 åring høgskule, frå det året dei er ferdig med 3. året i utdanningsforløpet.
- Pensjonsopptening i KLP
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840781
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3449921_142011_nn