Hopp til innhold

Skodvin Montessoriskule søkjer trygg lærar med god relasjonskompetanse.

Arbeidsgiver

Skodvin Montessoriskule

Sted

Skodvinvegen 1, 5956 Hundvin

Om jobben

Skodvin Montessoriskule søkjer deg som vil bli ein del av den flotte skulen vår. Skulen er opptatt av at alle dei vaksne er eit team, og at vi skal skape ein inkluderande og trygg skule, som gjer mogelegheit for vekst og trivsel, både sosialt og fagleg.

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Lærer
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 21. mai

Send søknad til

rektor@skodvinskule.no

Hva vi ser etter

Vi søkjer fortrinnsvis etter ein erfaren lærar med spesialkompetanse i montessoripedagogikk, og/eller kompetanse innanfor nokre av desse fagområda: spesialpedagogikk, engelsk, norsk og matematikk.

Søkjarar med ynskje om videreutdanning innan montessoripedagogikk vil bli vektlagt.

Vi søkjer deg som er god til å formidle og til å tilpasse form og innhald slik at du når den einskilde elev. Du har evne til initiativ, fleksibilitet og samarbeid i eit lærande fellesskap. Du likar å omgås ulike typar menneskje og du er god til å byggje mellommenneskelege relasjonar. Vi legg vekt på elevsyn, relasjonskompetanse og at ein kan vere roleg og trygg i møte med elevar som kan utfordrar.

Personlege eigenskapar vert vektlagt og menn oppfordrast til å søkje.

Det vil vere god mogelegheit for fast stilling neste skuleår.

Skodvin Montessoriskule har 66 elevar skuleåret 26/27, fordelt på 1.-7. trinn.

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov om friskular, opplæringslova og føreskrifter til desse. For tilsetjing i skulen krevs gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, som må leggjast fram før tilsetjing, jfr. Opplæringslova § 17-11.

Arbeidsoppgaver

Som lærar på ein montessoriskule jobbar ein etter montessoriprinsippa der læraren først og fremt er ein rettleiar for elevane.

Vi er opptatt av dydene og at alle skal vise respekt, ansvar og toleranse for både seg sjølve og andre.

Vi treng ein lærar som har spesialpedagogikk i fagkrinsen og som i tillegg har har norsk, matematikk eller engelsk.

Spesialpedagog på 4.-7.trinn, der oppgåva først og fremst er å fylje opp elevar med IOP og Individuelt tilrettelagt opplæring, men i samarbeid med dei andre på teamet.

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, flotte medarbeidarar og ei samansveisa elevgruppe.

Lønn etter tariffavtale, med tillegg for montessoripedagogar.

Mogelegheit for etterutdanning i montessoripedagogikk.

Kontaktperson for stillingen

Monica Thomassen Waage

Rektor

94114741

rektor@skodvinskule.no

Om bedriften

Skulen ligg i landlege og naturskjønne Hundvin i Alver kommune. Her har vi kort veg til skog og vatn, og vi har mange gode mogelegheitar til å bruke naturen som læringsarena.

Skulen har eit godt samarbeid med føresette og Hundvinbygda.

Bergen sentrum er ca 45 minutter unna.

Vil du vite meir om oss eller tenkjer at dette kunne vore interessant for deg?

Ta kontakt med rektor Monica Thomassen Waage på telefon 94114741

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1c1c8036-4f33-4109-8453-7093daa67df4

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

1c1c8036-4f33-4109-8453-7093daa67df4

Lignende annonser

Laster lignende annonser