Vil du bli vår nye helsefagarbeidar?
Rehabiliteringspost, Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
22. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Har du lyst på ein spennande jobb der du får hjelpe pasientar med å gjenvinne funksjon og meistre eige liv og kvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi er lokalisert på Stord sjukehus og høyrer til avdeling for rehabilitering. Avdelinga vår har 9 døgnplassar, med plan om å auke opp til 15 plassar. Her gir vi spesialiserte rehabiliteringstenester til innbyggjarane i dei 16 kommunane som høyrer til Helse Fonna Helseføretak.
Rehabiliteringsposten vår tilbyr utreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/ skade. Hovudtyngda er akutt hjerneslag og annan nevrorehabilitering. Det kan bli aktuelt med andre pasientgrupper når vi utvidar tilbodet vårt.
Som helsefagarbeidaren vil du jobbe i tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut, lege, logoped, nevropsykolog, sjukepleiar og sosionom. Helsefagarbeidaren er ofte den som er tettast på pasienten gjennom heile døgnet, og har såleis ei spesielt viktig rolle i det tverrfaglege teamet i forhold til å observere pasienten sin funksjon.
Stord kan by på koseleg småbyatmosfære, eit rikt idretts- og kulturliv og flott natur tett på sjø og fjell. Sjukehuset ligg nær turområde som rehabiliteringspasientane gjer seg god nytte av.
Vi er kjent for vårt gode arbeidsmiljø, og vi tar godt imot nye medarbeidarar. Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Som helsefagarbeidar ved rehabiliteringsposten får du varierte og utfordrande oppgåver som mellom anna observasjon, trening og kommunikasjon med rehabiliteringspasientar
- Fokus på trening i primær ADL, styrke pasienten si eiga meistring og deltaking
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Arbeid kvar tredje helg
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Fordel med vidarutdanning innan rehabilitering
- Fordel med erfaring innan rehabilitering
Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Vi søkjer ein person som:
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- ønskjer å vidareutvikle kompetansen sin
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi Kvifor skal du velje oss?
- Ein spennande jobb
- Arbeid i lag med dyktige medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Irene Røssland Matre, Funksjonsleiar, +47 97589023, irene.rossland.matre@helse-fonna.noMarianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4997053527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.09.2025
Søknadsfrist: 18.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marianne Hollund Espeland
Avdelingsleiar
+47 95234329
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1bcc8a9f-eaca-4431-8324-fc8278f42cd9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4825c7f40b454a9494bd25036802606a