Hopp til innhold

Sjukepleiar Korttid/Langtid Husnestunet

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Husnestunet

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar Husnestunet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Sjukepleiarar på Korttid og rehabiliteringsavdeling på Husnestunet

Husnestunet institusjon har no ledig sjukepleiarstilling. Vi søker derfor ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiarar som ønskjer å vere med og skape tryggleik, kvalitet og gode pasientforløp.

Uavhengig av avdeling blir du ein viktig del av ein kompetent og dedikert fagstab som arbeider tverrfagleg og målretta for å gi pasientane best mogleg behandling og omsorg.

 Korttid- og rehabiliteringsavdelinga

Avdelinga jobbar målretta med rehabilitering, trening og funksjonsfremjande tiltak. Her får du bidra aktivt i å planlegge, gjennomføre og evaluere behandlingsløp som gir pasientane betre funksjon og meistring.

 
Arbeidsoppgåver

(tilpassast noko etter avdeling)

  • Sjukepleiefagleg vurdering, behandling og oppfølging
  • Samarbeid med lege og anna tverrfagleg personell
  • Bruk av kliniske kartleggings- og vurderingsverktøy
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
  • Ivaretaking av pasientar med akutte og komplekse behov
  • Samhandling med og rettleiing av pasientar og pårørande
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon
  • Rettleiing av kollegaer, studentar og lærlingar
  • Bruk og vidareutvikling av velferdsteknologi
  • Bidra til fleksibel ressursbruk på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • God IT‑kompetanse (journalsystem, Word, Excel, Teams)
  • Gjerne erfaring frå korttid, rehabilitering, demensomsorg eller psykisk helse
  • Interesse for personsentrert omsorg og miljøterapeutisk arbeid
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Trygg og tydeleg kommunikator
  • Gode samarbeidsevner og eit løysingsorientert tankesett
  • Interesse for fagutvikling og ny teknologi
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Eit inkluderande, varmt og engasjert arbeidsmiljø
  • Moglegheit for kompetansestipend og kurs
  • Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
  • Moglegheit for langvakter for dei som ønskjer det
  • Tilsetjing etter HTA/AML
  • Gode pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikringsordningar i KLP
  • Gode arbeidstilhøve i moderne og tilrettelagte lokalar
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Moglegheit for sletting av 25 000 kr av studielån etter eitt år i jobb i Kvinnherad
  • Ingen eigedomsskatt pr. i dag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage
Er dette noko for deg?

Vi ser etter sjukepleiarar med engasjement, fagleg styrke og godt humør – som trivst i eit miljø der det skjer mykje og samarbeidet står sterkt.

Velkommen til å sende søknad!
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Siv Kristin Handeland

+47 90568941

siv.kristin.handeland@kvinnherad.kommune.no

Om bedriften

Kvinnherad kommune har vel 13.000 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1bb63e05-d516-4a74-960b-f0d1c1d91a62

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3608201_225951_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser