Barnehagelærar
Byglandsfjord barnehage, Bygland Kommune
Setesdalsvegen 2012, 4741 Byglandsfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Oppvekstsektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7. og SFO, samt Byglandsfjord barnehage, Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde.
Alle barn i barnehagane i Bygland kommune, skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.
Barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeidar tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.
Bygland barnehage ligg i Bygland sentrum, like ved Bygland skule og Byglandshallen. Bygland barnehage har 2 avdelingar med tilsaman 24 barn. I tillegg har SFO base i barnehagen. Fjord og skog er rett i nærleiken og vert nytta som turområde.
Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg også rett ved sida av oppvekstsenteret. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 20 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.
For tida er stillinga i Byglandsfjord barnehage, men kan etterkvart bli ei stilling delt mellom Byglandsfjord barnehage og Bygland barnehage.
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø. Deltaking i kompetanseheving.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Høve til å vere tett på det einskilde barn og til å gjere ein stor forskjell.
- Givande og varierte arbeidsoppgåver gjennom leik og læring
- Ein sektor i utvikling.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom KLP og god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før
tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
(jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere pedagogisk arbeid for barn og barnegrupper i tråd med barnehagelova og rammeplanen.
- Samarbeide aktivt med styrar, kollegaer og føresette som ein del av leiarteamet til barnehagen.
- Dagleg omsorg og oppfølging av barn inne og ute
- Legge til rette for aktivitet og læring
- Støtte og rettleie barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærar utdanning.
- Barnehagelærer-studentar og søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, vil også bli vurdert.
- Annan relevant kompetanse og erfaring kan veie opp for kvalifikasjonskravet, etter ei konkrret vurdering
Personlige egenskaper
- Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
- Personleg eignaheit blir tillagt vekt.
Kontaktinformasjon
Siw Homme, Barnehagestyrer Byglandsfjord barnehage, +47 951 16 960, siw.homme@bygland.kommune.noSigrid Greibrokk, Barnehagestyrer Bygland barnehage, +47 957 46 056, sigrid.greibrokk@bygland.kommune.no
Arbeidssted
Setesdalsvegen 20124741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5021384466
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1bb57dea-008d-4891-a04c-f7dd8933c425
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e40cca6802944debbbbaeb5f0e0f6cd7