Barne og ungdomsarbeidar
Byglandsfjord barnehage, Bygland Kommune
Setesdalsvegen 2012, 4741 Byglandsfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Oppvekstsektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7. og SFO, samt Byglandsfjord barnehage. Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde.
Alle barn i barnehagane i Bygland kommune, skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.
Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg rett ved sida, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 20 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.
Barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeidar tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.
No har vi ledig ei mellombels 100% stilling som barne -og ungdomsarbeidar i Byglandsfjord barnehage frå 01.01.2026 – 31.07.2026.
Vi tilbyr:- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på det einskilde barn og til å gjere ein stor forskjell.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Ein sektor i utvikling.
- Pensjonsordning gjennom KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldande tariff.
Arbeidsoppgaver
- Ha dagleg omsorg for barn inne og ute
- Skape eit positivt leike- og læringsmiljø
- Støtte barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Bidra til eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
- Bidra til eit nytenkande og kreativt fagmiljø
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Annan relevant bakgrunn kan bli vurdert
- Gode norskspråklege ferdigheiter, skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Personlige egenskaper
- Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie.
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og ansvarsfull
- Personleg egnetheit vektlegges
Kontaktinformasjon
Siw Homme, Barnehagestyrer Byglandsfjord barnehage, +47 951 16 960, siw.homme@bygland.kommune.noArbeidssted
Setesdalsvegen 20124741 Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5021394602
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e0903af7-5d0e-4c7b-adcc-5f12af530b65
- Hentet fra
talentech
- Referanse
596c05c9b95f4f87b99240f0c1f89dda