Hopp til innhold

Fagansvarleg TTF

Arbeidsgiver

Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune

Sted

Tøddekroken 1, 3870 Fyresdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarleg TTF / avdelingsleiar TTF
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi ynskjer oss ein fagansvarleg som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spennande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode! 

Stillinga vil ha eit fagansvar for brukarar og derav også koordinering av dagleg drift.

Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver. Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar. Vi deltek i fagutvikling, forbetrings- og endringsarbeid, kompetanseheving innanfor klinisk vurderingskompetanse og tek i bruk teknologi og digitale løysingar der det kan bidra til å understøtte mestring og medverknad.

Fagleg oppfylging av brukarar i tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.

Då sektor for helse og omsorg er i omstilling, vurderast det ei utprøving der fagansvarleg også er avdelingsleiar. Denne utprøvinga skal evaluerast innan 1 år, og dette vil bli sett på som ei midlertidig løysing, der fagansvarleg blir konstituert avdelingsleiar. Som konstituert avdelingsleiar vil ein ha eit høgare lønsnivå enn som fagansvarleg.


Arbeidsoppgåver

Som fagansvarleg
  • Fagavsvar for brukargruppa.
  • Oppfylging og koordinering av tiltak etter vedtak.
  • Dialog med pårørande i samarbeid med tilsette.
  • Koordinering av dagleg drift.
Tilleggsoppgåver som konstituert avdelingsleiar
  • Ansvar og oppfylging for/av fag, personal og økonomi.
  • Kvalifikasjonar

    • Vi ynskjer søkarar med utdanning som vernepleiar.
    • Erfaring frå arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.
    • Utdanning innan leiing vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav.

    Personlege eigenskapar

    • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
    • Set fagleg kvalitet høgt.
    • Gode evner til å kommunisere og skape ein god arena for samarbeid.
    • Evne til å jobbe sjølvstendig.
    • Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
    • Likar utfordringar.
    • Har brukar i fokus.

    Den som blir tilsett må ha førarkort for personbil.

    Vi tilbyr

    • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
    • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
    • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
    • 35,5 timars veke / 37.5 timars veke, ut i frå organisering og oppgåveløysing. jf. HTA 4.2. 
    • Løn etter avtale.
    • Hjelp til å skaffe bustad.
    • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
    • Barnehage og skule lokalisert i sentrum.

    Kontaktinformasjon

    Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105

    Arbeidsstad

    Tøddekroken 1
    3870 Fyresdal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fyresdal kommune

    Referansenr.: 5072787751
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 01.03.2026

    Om bedriften

    Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1b77e422-a0fa-4675-9795-11704b2350be

    Sist endret

    2. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    00f572cb22294cb18559db5e9363f40f

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser