Er du vår nye ferievikar på kjøkken og vaskeri?
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Ved å jobba som sommarvikar i Suldal kommune kan du få spennande erfaring som kan koma godt med seinare i livet. Me lover å ta godt vare på deg, og vil gjera vårt beste for at sommaren 2026 skal bli fin og lærerik på jobb. Du blir invitert til sommarfesten 2026, som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.
Sommarvikar ved Suldal sjukeheim - kjøkken og vaskeriPå jakt etter sommarjobb? Me søkjer flinke folk som kan hjelpe oss når våre tilsette har ferie, i perioden 15.06.- 09.08.26 (veke 25-32). Me treng vikarar på kjøkkenet og vaskeriet. For arbeid på vaskeriet eller kjøkkenet må du vera over 16 år. Me treng deg som er vil arbeida som assistent på kjøkken og vaskeri.
Om einingaI mai 2025 flyttar me inn i Noregs finaste sjukeheim! Eit høgteknologisk, topp moderne bygg med flotte fasilitetar og god plass. Suldal sjukeheim har 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Me har eiget kjøkken og vaskeriteneste som server sjukeheimen.
Dersom du trivast med høgt tempo, er opptatt av å skape eit trygt og godt bu- og arbeidsmiljø der dei tilsette opplev trivsel og meistring, vil du trivast og lukkast hjå oss.
Kva kan me tilby deg som sommarvikar- Me vil gi deg god opplæring og støtte undervegs
- Du vil arbeida sjølvstendig og i team
Kva gjer ein ferievikar ved Suldal sjukeheim?
- Assistentar på vaskeriet deltar reingjering og handtering av tøy
- Assistentar på kjøkkenet deltar i matlaging, mellom anna skrelling av grønskar, baking og smørjing av brødmåltid.
- Fremma eit arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og meistring.
- Andre oppgåver i tråd med einingas behov.
Me ser etter
- Deg som er over 18 år
- Er du under 18 og likevel ønskjer å jobba hos oss? Søk, då vil me vurdera søknaden din
- Det er eit fortrinn om du er elev, student eller fedigutdanna innan helsefagleg retning
- Du har gode norsk-kunnskapar både skriftleg og munnleg
- Du kan jobbe minst 4 veker
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
- Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Til meir du fyller ut, til betre blir du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan du ta dei med på intervju
- Treng du hjelp? Då kan du kontakta oss på telefon 52 79 22 00
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b734342-530c-49dc-859f-655a69bda97d
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574523_203551_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal bu og aktivitet
Sted
Sand
Arbeidsgiver
Suldal kommune Suldal heimeteneste
Sted
Sand