Fagradiograf MR
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagradiograf MR
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Ønskjer du fast jobb midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang på kafear, konsertar og butikkar?
Stillinga er dagstilling (37,5 t/veke), men om ønskjeleg kan ein avtale nokre seinvakter på MR i arbeidsplanen. Fagradiograf MR samarbeider med Radiograf 1 MR kring utføring av arbeidsoppgåver. Det ligg ikkje personalansvar knytt til stillinga. Startdato er fleksibel. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 MR-maskiner (Philips Ingenia 1,5T (2016) og Ingenia Elition X 3T (2022) ), 2 CT-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no .
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte. Les meir om Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undersøkingar
- Samarbeide med andre einingar og profesjonar
- Utarbeide, tilpasse, optimalisere og revidere protokollar, prosedyrer, retningslinjer, informasjon m.m. innan MR
- Gjennomføre undervisning og rettleie personale
- Ta del ved innkjøp av utstyr, ha kontakt med leverandørar og Medisinskteknisk avdeling
- Kvalitets- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet MR
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg med evne til god skriftleg framstilling på nynorsk
- Minimum 3 års erfaring frå arbeid med MR
- Utvida kompetanse og erfaring innan MR
- Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.
- Det er ønskjeleg at søkjar har vidareutdanning innan MR. Eventuelt må søkjar forplikte seg til å gjennomføre denne innan rimeleg tid etter tilsetjing
- God kunnskap i bruk av Office
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert og interessert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Initiativrik og handlekraftig
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Arbeider godt i team
- Fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hyggeleg arbeidsmiljø
- Fagleg utfordring og utvikling
- Tilpassa opplæring
- Arbeid i IA-bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, +47 57839616Arbeidssted
Svanahuagvegen 76812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4893437041
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Reidun Brekke
Seksjonsleiar FSS
+47 57839616
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807182
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f0591279ec7f4cd8b05db8bbeb38af14