Tilkallingsvikar i Rørstadmarka barnehage
Rørstadmarka barnehage Sa
Rørstadmarka 25, 6035 Fiskarstrand, Sula, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehageassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, deltid 20-99%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker tilkallingsvikar(ar) som kan kontaktast når det er behov for vikar for det faste personalet. Behovet kan variere frå 0 -- 100% i løpet av ei veke. Oppdraget kan kombinerast med anna aktivitet dersom ein har fridagar ein ønsker å fylle med eit meiningsfullt og samfunnsnyttig oppdrag.
Vi søker deg som:
Er glad i å jobbe saman med mennesker, små og store
Likar å vere ute i naturen og delta aktivt i leiken med barna
Er engasjert og åpen for å motta veiledning
Å vere personleg eigna blir vektlagt med fokus på: Gode samarbeidsevner, positive haldningar, engasjement, "påkopla", humor og evne til å by på seg sjølv.
Vi tilbyr:
Ein akkurat passe stor barnehage med herlege barnegrupper
Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
Rikt og variert uteområde med mange fine turområder rundt barnehagen
Ein barnehage med særpreg og stabil søkermasse
Eit aktivt og engasjert eigarstyre
Hovudavtale/tariffavtale i PBL
Krav til stillinga:
Stillinga har ikkje krav til utdanning. Relevant utdanning, erfaring og å vere personleg eigna blir vektlagt.
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding.
Tilstrekkelege norskferdigheiter og bestått norskprøve er eit krav til stillinga.
Ta gjerne kontakt med:
Kristin Valen Håland (dagleg leiar): 70 19 40 50
Om bedriften
Rørstadmarka barnehage SA er ein privat foreldreeigd barnehage med 3 avdelingar. Vi held til på Fiskarstranda i Sula kommune. Barnehagen ligg slik til at vi flittig kan bruke den fine naturen i nærområdet og prioriterer uteliv og natur i barnehagedagen vår.
Vårt slagord er: - du finn oss i skog, mark og fjøre, uansett føre!
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b536624-cf8b-4218-a650-07bcda10ea0c
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1b536624-cf8b-4218-a650-07bcda10ea0c