Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar - 80% vikariat
Lom kommune
Lom, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. juli
Svangerskapsvikariat 80% frå 01.09.2025 til 31.07.2026. Kan ha oppstartsdato etter avtale.
Den tilsette vil ha leiar av institusjon som næraste overordna.
Arbeidstid: etter gjeldande turnus med dag/sein og arbeid kvar 3. helg.
Aktuelle arbeidsoppgåver:- Heilskapleg oppfølging av pasientar i institusjon heile døgnet, -herunder utføring av ulike prosedyrer knytt til oppfølging og behandling.
- Målretta miljøarbeid/personsentrert omsorg.
- Følgje rutinar i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid.
- Sikring av god kommunikasjon og samhandling.
- Bruk av velferdsteknologi som ein naturleg del av tenesta.
- Tett samarbeid med andre tilsette, samt pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Bidra til opplæring og fagleg veiledning av kollegaer og lærlingar.
Kvalifikasjonskrav:
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar.
- Eventuelt relevant erfaring.
- Personar som har interesse for fag og fagutvikling innan demens og geriatri.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Personleg eigna for stillinga.
Fylgjande blir vektlagt:
- Fagleg dyktig og trygg i rolla.
- Evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta.
- Gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Vilje og evne til å lære.
- Vera med på å skape et godt og trygt arbeidsmiljø.
- Tek ansvar, er løysingsorientert og fleksibel.
Vi tilbyr:
- Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Høgt fagleg nivå på tenestene.
- Fagmøtetid i turnus.
- Dyktige og engasjerte kollegaer.
- Du får moglegheit til å arbeide på ein institusjon i utvikling med fokus på mellom anna velferdsteknologi.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Guro Einbu , telefon 40 43 79 41
E-post: guro.einbu@lom.kommune.no
Avdelingssjukepleiar Nina Gården , telefon 48896477
E-post: nina.garden@lom.kommune.no
Kommunale tilsetjingsvilkår
Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Søknadsfrist: 06.07.2025.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b139697-401a-414a-b896-459a75546e1f
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1b139697-401a-414a-b896-459a75546e1f