Museumsrådgjevar/konservator
AUST-AGDER MUSEUM OG ARKIV IKS, Aust-Agder museum og arkiv
Setesdalsvegen 3273, 4748 Rysstad
Om jobben
Stillingstittel
Spennande stilling som museumsrådgjevar/konservator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Aust-Agder museum og arkiv IKS (AAma) forvaltar og formidlar Agder sin historiske og kulturelle arv. AAma har både arkiv og museumsfunksjoner, og består av fire avdelingar som held til på tre administrative stader: KUBEN i Arendal, Grimstad bys museer i Grimstad og Setesdalsmuseet på Rysstad i Valle. Vi har totalt 22 museer og besøksstader spreidd over heile den østre delen av Agder. Selskapet er eigd av dei 15 kommunane i tidlegare Aust-Agder og av Agder fylkeskommune. Les meir på www.aama.no.
Spennande stilling som museumsrådgjevar på Setesdalsmuseet
Vil du vere med på å forme eit museum i utvikling? Setesdalsmuseet søker ein dyktig museumsrådgjevar til vårt ambisiøse oppdrag for kulturarven i Setesdal.
Setesdalsmuseet strekk seg frå Hovden til Iveland, og har hovudkontor på Rysstad. Oppdraget er ta vare på - og formidle den rike setesdalskulturen, mellom anna gjennom byggeskikk, tradisjonshandverk, draktkultur, folkemusikk og -dans. Vi har eit særleg ansvar for å ta vare på og formidle den immaterielle kulturarven. No søker vi ein allsidig museumsrådgjevar med ei nysgjerrig, utforskande og analytisk tilnærming til arbeid med kulturarven.
Som ein del av ein større kulturinstitusjon i Agder, får du eit sterkt fagmiljø å spele på, og høve til å samarbeide på tvers av avdeling og fag. Arbeidet vårt bygger på tett samarbeid mellom kollegaer, fagfeller, utøvaramiljø, tradisjonskunnige og frivilligheit. Museumsarbeidet byr på eit mangfald oppgåver, og det er nødvendig å vere fleksibel og søkje løysingar. Vi søker ein kollega som er initiativrik og kreativ, og som har sterk gjennomføringskraft.
Setesdalsmuseet skal nå eit variert publikum, og søkjer ein rådgjevar med høg digital formidlingskompetanse.
Arbeidsoppgåver
Formidle Setesdal si historie og tradisjonar til ulike målgrupper gjennom utstillingar, kurs, foredrag og omvisingar
Bidra til å vidareutvikle museet sitt faglege innhald og arrangement
Bidra til å utvikle formidlingsmetoder som engasjerer i samtida
Bidra til å utvikle digitale formidlingsløysinger
Bidra til at setesdalskulturen blir digitalt tilgjengeleg
Bringe fram ny kunnskap om kulturarven
Samarbeid med tradisjonskunnige, utøvarar og frivilligheita
Samarbeid med andre offentlege og private verksemder
Andre oppgåver i samråd med leiar
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning, gjerne innan kulturfag
Erfaring med kulturformidling
Høg digital kompetanse og erfaring med digital kommunikasjon og formidling
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Utviklingsorientert og nysgjerrig
Gode evner til å samarbeide og arbeide i nettverk
Løysingsorientert og konstruktiv
Strukturert og handlekraftig med god gjennomføringsevne
Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Vi tilbyr
Eit triveleg fag- og arbeidsmiljø
Ein kreativ arbeidsplass i utvikling
Eit fagmiljø i vekst
Fagleg fridom
Høve til å vere kreativ
Pensjonsordning i KLP
Lønn etter avtale
Aust-Agder museum og arkiv ønsker at våre ansatte skal gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi oppfordrer derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss, uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal/etnisk bakgrunn eller livssyn. Det samme gjelder dersom du har hatt opphold i arbeidslivet.
Kontaktinformasjon
Hind Helene Harira, Leder, +4748180180Arbeidssted
Setesdalsvegen 32734748 Rysstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Aust-Agder museum og arkivReferansenr.: 4945131101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Hind Helene Harira
Leder
+4748180180
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1b084d1e-d045-428e-8c07-28abeff2d68f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9c1a950733e6413bb72341a5b170d623