Seksjonsleiar
Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), Helse Møre og Romsdal HF
Glomstuvegen 50, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Er du klar for ei spennande leiarerutfordring innanfor rusbehandling?
Vi søkjer en fagleg sterk, ambisiøs og inkluderande seksjonsleiar til seksjonen Langtids døgn rusbehandling TSB Molde. Vi ønskjer oss ein leiar som er offensiv i leiarrolla, og med eit sterkt ønskje om å bidra i vidareutvikling av tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Som seksjonsleiar vil du vere administrativt og fagleg underlagt avdelingssjefen og vil inngå i avdelinga si leiargruppe.
Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) tilbyr eit heilskapeleg behandlingstilbod for personar med avhengighet innen rus og spill. Avdelinga har to poliklinikkar og døgntilbod som strekker seg frå akutt- til langtidsbehandling. Avdelinga gir også tilbod til pårørande.
Seksjon for Langtids døgn rusbehandling TSB Molde er ein av fem seksjonar i Avdeling for TSB i Klinikk for psykisk helse og rus i HMR. Seksjonen har dei siste åra vore gjennom ei stor omorganisering av behandlingsinnholdet. I kombinasjon med rusbehandling tilbyr vi pasientane DBT (dialektisk atferdsterapi) ferdighetsopplæring, emosjonsregulering og traumebehandling med narrativ eksponeringsterapi. Endringane starta i tett samhandling med to PhD kandidatar og resultata skal etterkvart publiserast.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef
- Ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover og foreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
- Personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen
- Sikre bemanning og drift etter gjevne ramme
- Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
- Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat
- Fagansvar og fokus på fagutvikling
- Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Ønskjeleg med leiarkompetanse og/ eller leiarerfaring
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan rus og psykiatri
- Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førarkort
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
- Du har god system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift
- Du har evne og vilje til å utarbeide mål og motivere sine tilsette
- Du oppnår resultat, evaluerer og korrigerer
- Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Deltaking i avdelinga si leiargruppe
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagdagar, internundervisning og rettleiing
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kari Marie Remø Nesseth, Avdelingssjef, 98 47 22 88, Kari.Marie.Remo.Nesseth@helse-mr.noArbeidsstad
Glomstuvegen 506412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4973770810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted