Bli tømrar hos Norgeshus | Varierte prosjekt og marknadsleiande lønn
Norgeshus Mesterbygg Sunnhordland AS
5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team der samarbeid, kvalitet og godt handverk står sterkt. Me har eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som trivst saman – både på jobb og på fritida. Det er ikkje uvanleg at dei tilsette finn på sosiale aktivitetar saman også utanom arbeidstid.
Me meiner at gode medarbeidarar fortener å bli tekne godt vare på. Derfor investerer me både i menneska våre og arbeidsmiljøet. Gjennom året arrangerer me fleire sosiale samlingar og firmaturar, og i september går årets tur til Malaga.
Hos oss får du jobbe med varierte oppdrag innan rehabilitering, nybygg og oppdrettsnæringa. Me legg til rette for at du får brukt kompetansen din, utvikla deg vidare og ha ein arbeidsplass der du trivst – både med kollegaene og arbeidsoppgåvene.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver- Innvendig og utvendig tømrararbeid
- Arbeid på rehabiliterings- og nybyggprosjekt
- Bidra til god framdrift og høg kvalitet i prosjekta
- Samarbeide tett med kollegaer og andre faggrupper
- Representere Norgeshus på ein profesjonell og positiv måte
- Fagbrev som tømrar
- Beherskar norsk eller engelsk
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt og positiv
- Du har yrkesstoltheit og ønskjer å levere arbeid av høg kvalitet
- Marknadsleiande lønnsvilkår
- Fullt utstyrt arbeidsbil
- Varierte og spennande prosjekt
- Moglegheit til å jobbe med moderne verktøy og ny teknologi
- Stabil arbeidsplass med høg aktivitet
- Gode forsikringsordningar
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med svært godt samhald
- Sosiale arrangement og firmaturar gjennom året
- Moglegheiter for fagleg utvikling
Ta gjerne kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset Search & Selection, Jonas Grønningen, på telefon 923 70 980 eller e-post jonas.gronningen@personalhuset.no for ein uforpliktande prat.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Norgeshus Mesterbygg Sunnhordland vart stifta i 2003 og forhandlar Norgeshus i kommunane Stord, Bømlo og Fitjar. Våre tilsette er opptatt av å levere service og kvalitet, me strekker oss langt for at kundane våre skal bli fornøgd. Me har heile vegen tilsett lærlingar og bygd opp nye arbeidslag. Våre tilsette er svært dyktige og gode medarbeidarar. Samhaldet er godt og me trives på jobb. Eit viktig fokus hos oss er at dei tilsette skal ha ein god arbeidsplass. Dette beviser vår høge score i GPTW medarbeidarundersøking. Me har kontor på Bømlo, selskapet er i stadig vekst og me har i dag 21 ansatte.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1ade6550-622c-43a4-8cb8-c873de501cf6
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
recman
- Referanse
481546