Hopp til innhold

Sokneprest i Ellingsøy/prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti

Arbeidsgiver

Den norske kirke, Møre bispedøme

Sted

Kvalsteinvegen 2, 6057 Ellingsøy

Om jobben

Stillingstittel
Sokneprest i Ellingsøy/prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 17. august

Er du ein prest med hjarte for kyrkjelydsarbeid, og med ungdom og unge vaksne i særskild fokus? Vil du vere ein del av eit inspirerande og dynamisk stabsfellesskap og ei stor prestegruppe i prostiet? Vi ser etter ein prest som er den lokale presten for befolkninga på Ellingsøya, og som samstundes har for auge å utvikle arbeidet med ungdom og unge vaksne i vårt sokn, gjerne i samarbeid med nabosokna. Du må vere ein trygg og samlande person med driv og vilje til å bygge opp og utvikle ungdomsarbeidet, samstundes som at du kan støtte opp under og utvikle det gode arbeidet som allereie finst på Ellingsøya.

Stillinga er 60 % sokneprest for Ellingsøy sokn, og 40 % prostiprest.
Nordre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sykkylven, Stranda og Fjord, med til saman 97000 innbyggjarar. Omlag 75 000 er medlemmer av DNK. Folketalet  i prostiet er aukande, det gjeld og for Ellingsøy sokn som har mange yngre familiar.


Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim og folketalet i kommuna er på omlag 65 000 innbyggjarar. Byen er eit dynamisk regionsentrum for Sunnmøre. Vigra lufthamn ligg ca 20 minutt unna Ellingsøy, og har flysamband til resten av Norge og til utlandet. Sjå www.alesund.kommune.no og  http://www.kirken-aalesund.no/ for fleire opplysningar.


Stillinga vil ha 60 % knytt til sokneprestarbeid i Ellingsøy sokn, og 40 % knytt til arbeid som prostiprest i prostiet. Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde, med felles dagleg leiar.  Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting.  Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.


Ellingsøy, kjend for sine mange bedrifter innan det marine/maritime, er eit sokn med ca. 2100 medlemer.  Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med scene og moderne lyd/lysanlegg, og kontor for tilsette. Frå Ellingsøy kyrkje til Borgund kyrkje er det 13 km. Ellingsøy bydel har to grunnskulekrinsar, den eine med ungdomsskule. 


Det er eit aktivt frivillig arbeid i kyrkja med ungdomsklubb, speidararbeid, kunstkafe, baby og småbarnsang, laurdagskafe, Time for tanken, og ettermiddagstreff.  Soknet har ca. 30 konfirmantar pr. år. Det er godt samarbeid med Ellingsøy bedehus.
Soknerådet ynskjer å prioritere arbeid for ungdom og familier, og at ein også ser mot dei mange utanlandske familiane som kjem til Ellingsøy i forbindelse med arbeid.  Eit gamalt naust nedanfor kyrkja er restaurert og teke i bruk i arbeidet for barn og unge. I soknet ligg og eit bukollektiv for eldre som får regelmessig kyrkjeleg teneste.


Dei to sokneprestane i samarbeidsområdet Ellingsøy sokn og Borgund sokn deler på tenesteveker. Ein må  pårekne gudstenester i Borgund innimellom. Ellingsøy har organist i 50 % og kyrkjetenar i 25 % stilling. Diakon, ungdomsprest, kyrkjelydspedagog og dagleg leiar deler ein på i begge sokna.      


Arbeidsoppgåver

Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.

I tillegg til gudstenester og tenesteveker, tek presten del i dåps- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andakter på aldersinstitusjonen på Ellingsøy.

Stillinga inneber og prostiprest-teneste i Nordre Sunnmøre prosti.

Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning. 

Kvalifikasjonar

Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".

Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhenging av kjønn eller teologiske ståstad.

For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, bygge kyrkjelyd og gode ungdomsfellesskap, og vere ein pådrivar for å skape eit «vi» som omfavner menneske med ulik alder, bakgrunn, etnisitet og oppfatning.

Vi forventar at du er trygg i presterolla og har høg integritet i møte med menneske.

Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.

Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.

Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.

Personlege og faglege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest.

Innskot i KLP.

Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter endringar i lover, tariffavtalar, særavtalar, reglement mv. og andre avgjerder som kan ha verknad på gjeremåla i tenesta.

Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.

Eit godt samarbeid mellom staben i samarbeidsområdet, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no/

ANNA:
Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20.
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
Møre bispedøme arbeider for å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og ynskjer å legge til rette for menneske med redusert funksjonsevne.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.

Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Karl Johan Bjørge, Prost, +47 924 23 862
Sturla Fostervold, Personalrådgiver, +47 408 33 274

Arbeidssted

Kvalsteinvegen 2
6057 Ellingsøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 5145270602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Sturla Fostervold

Personalrådgiver

+47 408 33 274

Karl Johan Bjørge

Prost

+47 924 23 862

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1adbe7dc-037c-492d-a3be-68c3b49a85b0

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7f2449a28d9d4116b10493855373ae64

Lignende annonser

Laster lignende annonser