Kontormedarbeidar Hareid kyrkjekontor i 50 % fast stilling
Hareid kyrkjelege fellesråd
Bedehusgata 17, 6060 Hareid, Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Kontormedarbeider
Oppstart
4. mars 2024
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Då vår kontormedarbeidar gjennom mange går av med pensjon, lyser vi ut stilling som kontorleiar ved Hareid kyrkjekontor i 50 % stilling. Kontorleiar vil ha ansvar for kommunikasjon, koordinering av informasjon og kyrkjebokføring. Det er òg oppgåver knytt til utleige av kyrkjelydshuset og innan økonomi og gravferdsforvaltning.
Kontorleiaren er ein nøkkelperson på kyrkjekontoret. Kontorleiar har kyrkjeverja som sin næraste overordna.
Vi tilbyr:· Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø
· Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige
· Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler
· Løn etter gjeldande tariff
· Pensjonsordning i KLP
++Arbeidsområde:++**Kommunikasjon:**Ansvar for den daglege kontakten med publikum og frivillige medarbeidarar, og utsendingar. Ansvar for å lage kyrkjeside i Vikebladet.
**Kyrkjebokføring:**Registrering av kyrkjelege handlingar og kyrkjeleg statistikk.
**Gravferdsforvalting:**Ta imot og koordinere gravferdsmeldingane, og administrere festeavgift og gravstell.
**Økonomi:**Administrere innkomne offer og minnegåver. Fakturering og bilagsføring.
**Felles administrativ oppgåver:**Arkivering, utleige og overoppsyn med kyrkjelydshuset, innkjøp av materiell og mat.
++Personleg eigenskapar:++-Venleg og imøtekomande overfor publikum
-Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
-Personlege eigenskapar vert vektlagt
-Dersom søkjaren i tillegg har anna kompetanse som kan vere relevant for arbeid i kyrkjelyden er søkjaren velkomen til å omtale dette i søknaden
Om bedriften
Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.
Hareid kyrkjelyd har 3775 medlemmer (pr. 31.12.22), og har tilsett sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, sekretær, kyrkjetenar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.
Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.
Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 fulltidstilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.
Meir informasjon om oss finn du på nettsida vår: hareid.kyrkja.no
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2481834
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1ac87f25-12a5-4330-8882-deeefc80a26d