ID 2326 Helgestillingar Apalvegen bufelleskap - Psykisk helse og rus
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sosialfagleg utdanning, studentar innan helsefag, andre relevante
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 28%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Apalvegen er eit bufellesskap med fleire bebuarar med ulike psykiske helsevanskar. Bufellesskapet har personale med høg fagleg kompetanse, og yt mange og varierte tenester saman med brukarane, for at dei skal utvikla seg og ha god livskvalitet.
Me har brukar i fokus, kan tilby mangfald i arbeidsoppgåvene, arbeid i fagteam, samarbeid med andre tenester, tverrfagleg samarbeid og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Følgjande helgestillingar er ledig: 1. Vikar nattevakt 28,17 %, frå snarast og fram 22.04.26. Stillinga er i turnus med arbeid 3. kvar helg 2. Vikariat helgestilling 20,19%, frå snarast og fram til 20.01.26. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3 helg.Skriv i søknaden om du søkjar på begge eller berre ein av dei ledige stillingane
Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner, og som:
-
Har erfaring innan psykisk helsefelt.
-
Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set.
-
Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner.
-
Er positiv, initiativrik og strukturert.
-
Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
-
Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
-
Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.
Kvalifikasjonskrav:
-
Relevant helsefagleg utdanning
-
Studentar innan helsefag
-
Anna relevant utdanning vil og kunne verta og vurdert.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
-
Søkjar må ha sertifikat (for arbeid på natt er ikkje dette eit krav)
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til Avdelingsleiar Amund Sivertsen Mobil: 482 76 513 eller Einingsleiar Madelaine A. Børtveit mobil: 415 596 44
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1abfe3d7-86a3-417c-9ccd-b8b042d82dd2