Allmenlærar/spes.ped. Måløykollektivet
Skule, Kinn kommune
Hans Blomgate 42, 6905 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Allmenlærar/ spes.ped. ved Måløykollektivet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kinn kommune søker lærar til opplæringstilbodet ved Måløykollektivet i Torskangerpollen. Måløykollektivet er ei samling av fleire bueinigar som utgjer Klokkergårdstiftelsen, ein ideell stiftelse med det formål å rehabilitere ungdom frå 13-årsalderen med rus og/eller adferdsproblemer plassert etter lov om barnevernstenester (www.klokkergard.no). Lærarane er tilsett i Kinn kommune ved Vågsøy ungdomsskole, men har arbeidsplassen sin ved Måløykollektivet, og samarbeider tett med dei tilsette ved Måløykollektivet. Ved særskild høve kan stillinga delast med engasjement på Vågsøy ungdomsskole.
Det skal tilsettast lærar i 100 % fast stilling. For tida er der 300 % lærarresurs knytta til kollektivet.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på ungdomstrinnet.
Oppfølging av einskildelevar.
Kvalifikasjonar
Godkjent allmenlærar/ grunnskulelærer/ PPU undervisningskompetanse på ungdomsskulenivå.
God relasjonskompetanse og personlege eigenskapar kan til vege opp for manglande formell kompetanse.
Erfaring frå liknande arbeid vil bli lagt vekt på.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Det er krav om politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
Vi er ute etter ein person med god evne til samarbeid. Du vil jobbe tett i team kvar dag. Det er også viktig å samarbeide godt med dei mange medlevarane på kollektiva. Vi er ute etter ein person med godt humør og som har svært god tolmod i det kontinuerlige arbeidet med å "treffe" elevane både fagleg og på det personlege planet. Relasjonskompetanse er like viktig som det faglege.
Det er viktig å vere fleksibel i kvardagen med tanke på å kunne bygge relasjon både i klasserommet og på alternative arenaer for opplæring og relasjonsbygging.
Vi tilbyr
Ekstern og intern rettleiing. Varierte arbeidsoppgåver. Bli ein del av eit arbeidsmiljø prega av stort engasjement med fokus på andres og eigen utvikling.Stillinga lønast i samsvar med utdanningsnivå og arbeidserfaring.
Kontaktinformasjon
Kåre Bakke, Rektor, +47 91384522Arbeidsstad
Hans Blomgate 426905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4879535754
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2780479
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6dbfcd05149f4fcb9b6e8b28d897c973