Lærar tekniske fag
Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holmegata 14, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar tekniske fag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan teknologi- og industrifag, og vil i utgangspunktet vere knytt til denne avdelinga. Avdelinga er spesielt ute etter å styrke kompetanse innan CNC og industriteknologi, og søker primært etter nokon med fagbrev innan CNC-maskineringsfaget. Anna kompetanse som vert relevant for å undervise i læreplanar for fagområdet kan også vere relevant. Ved Ørsta vidaregåande skule har vi i tillegg til vg1 også tilbod på vg 2 nivå innan industriteknologi, køyretøy og arbeidsmaskin.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan teknologi- og industrifag, som den som blir tilsett vil bli ein del av, og med svært god søknad til linja. Vi forventar at lærarar hos oss deltek aktivt i vidare utvikling av fagmiljøet, og bidreg på eige initiativ inn mot arbeidet. Dette inneber utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar.
Skulen er svært opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, og utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å tilrette for eleven si utvikling og læring er eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar. Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med særskilde behov for det.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har pedagogisk utdanning, fagbrev innan CNC-maskineringsfaget og utdanning på fag- eller høgskulenivå og arbeidserfaring innan industrifag. Annan relevant utdanning for undervisning på programområdet kan også verte vurdert.
Kandidatar som manglar pedagogisk utdanning og/eller utdanning på høgskulenivå oppmodast likevel til å søke då vi tilbyr gode ordningar for vidareutdanning
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig, ha gode
samarbeidseigenskapar, og som har høge ambisjonar på vegne av elevane. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen, som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydeleg leiar i klasserommet som evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Vi tilbyr
Stor satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling
- Eit spennande, godt og variert arbeidsmiljø som du blir ein del av, med faglege og personlege utfordringar
- Medlemskap i SPK
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4956206637
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Bjørnar Sæterås
Rektor
+47 47344491
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 340 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925977
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf4d8d8139144617935a7f03c3f9f5d3