Er du vår nye energimontør i Dragsund?
Linja AS
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Energimontør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 15. oktober
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt i Dragsund.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke i Linja sine nettanlegg, kabel/linje opp til 132 kV
- Deltaking i Linja sin beredskap
- Veilede og vere eit godt førebilete for våre lærlingar
Kompetanse
- Fagbrev som energimontør, alternativt andre fagbrev innan elektro som kan føre til energimontør
- Erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg
- Førarkort klasse B er eit krav, det er også ønskeleg med klasse BE
- Erfaring med bruk av digitale verktøy
- Gode HMS-haldningar
- Fleksibilitet, initiativ og samarbeidsevne er viktige eigenskapar
Vi kan tilby
- Godt og sikkert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Konkurransedyktige vilkår
- Jobb i eit spennande teknologiselskap
- Ein jobb med meining!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1aa0154e-94f7-46a1-8e7b-3bc9eaf400e0
- Sist endret
16. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6981136b98e74aa49773d8d689fadc51