Ledig stilling - Lærar - 50% vikariat
Rauland skule, Vinje kommune
3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledig stilling - Lærar - 50% vikariat
Oppstart
10. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår, med idrettsanlegg vegg i vegg og flotte turmoglegheiter og skiløyper i nærleiken. Skulen vår er ein 1-10 skule, med om lag 170 flotte og engasjerte elevar.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring ved tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20
- Skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane med god klasseleiing
- Delta i, og bidra til lærande fellesskap ved skulane
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Vera ein trygg og god vaksenperson i møte med elevar og andre vaksne
- Kontaktlærarfunksjon og andre funksjonar i skulen kan bli lagt til jobben, ved større endringar
Kvalifikasjonar
- Me ynskjer deg som har godkjent undervisningskompetanse til å undervise primært i ungdomskulen, jf. opplæringslova, innanfor praktiskestetiske fag, musikk, kroppsøving og samfunnsfag.
- God digital kompetanse
- Gode norskdugleikar, både skriftleg og munnleg
- Ved manglande kvalifiserte søkjarar vil anna kompetanse og kvalifikasjonar bli vurdert individuelt
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, raus og tydeleg klasseleiar
- Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
- Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring
- Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar
- Du er strukturert og overheld tidsfristar
- Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
- Du tek ansvar og er profesjonell
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert i leik og samhandling med barn
Vi tilbyr
- Flotte og engasjerte elevar
- Eit engasjert elevråd
- Kantine med gratis skulemat for elevar, og hyggeleg pris for tilsette
- Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
- Kontaktlærar har eit tillegg på kr. 42 000 pr. år for 1.-4. trinn, og kr. 30 000 pr. år for 5.-10. trinn
- Nyutdanna lærarar får rettleiing
- Løn etter avtale
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
Stillinga er eit vikariat ut skuleåret, med stoppdato 20.06.2025.
Det er mogleg å vera ringevikar, i tillegg til ordinær stilling, om du ynskjer høgare stilling.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4920653601
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 10.03.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Aud Lillian Hustveit
Verksemdsleiar Rauland skule
+47 95752799
Om bedriften
Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda med gode fasilitetar. Skulen vår er ein 1-10 skule, og har om lag 170 flotte og engasjerte elevar frå alle verdas hjørne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2858330
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a646970f1f694ac597f26fa3447ccfb3