Psykolog/psykologspesialist
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. juli
Vil du vere med på laget vårt?
Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meinar vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer difor at dette mangfaldet skal speglast blant søkjarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søkje, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.
Seksjonen vår har no ledig fast stilling som psykolog/psykologspesialist. Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge. Avdelinga er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som psykolog ved BUP Kristiansund vil du arbeide i tverrfagleg team med bl.a. psykologspesialist, overlege, pedagog og sjukepleiar.
Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her.
Poliklinikken har eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Vi strekk oss langt for at psykologar skal få best mogelege faglege utviklingsbetingingar. Vi legg også, om ønskeleg, til rette for at du kan ta heile spesialiseringsløpet utan forsinking i helseforetaket vårt.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
- Pårørande- og familiesamtalar
- Psykoedukasjon
- Medvirke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
- Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
- Samhandling med kommunene, bistå med rådgjeving og rettleiing
- Ambulant behandling der det er hensiktsmessig
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog, fortrinnsvis psykologspesialist
- Psykolog med lisens kan også søkje
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, eller med barn og ungdom, er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
- Du er god til å arbeide strukturert og målretta
At ein er personleg eigna for stillinga vil verte vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, toril.kvisvik@helse-mr.noArbeidssted
Sykehusgata 26508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4987106214
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a86f40e-e365-40c6-b4ed-adc5a9048698
- Hentet fra
talentech
- Referanse
09c8b626cce249e7bf1d48858ede2ddc