Sunnhordland museum søkjer formidlar/ publikumsansvarleg til Sunnhordlandstunet.
Sunnhordland Museum
Museumsbakken 16, 5417 Stord, 5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Museumsformidler
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du glad i kultur, historie, formidling og menneske? Då er du kanskje den vi leitar etter?
Som formidlar/ publikumsansvarleg ved Sunnhordlandstunet vert du ein del av eit spennande tverrfagleg miljø, og du vert del av Sunnhordland museum si faggruppe for formidlingsaktivitetar. Stillinga rapporterer til formidlingsleiar ved museet.
Aktuelle arbeidsoppgåver:· formidling til born og unge i barnehage og skule
· formidlingsopplegg og omvising for andre målgrupper
· formidling på digitale flater
· planleggja og gjennomføra arrangement inkl. salg og marknadsføring
· ansvar for escaperoom, butikk, kafé og resepsjon
· førebu eit variert tilbod til sommarsesongen og oppfølging av sommarvikarar
· vera med og skapa utstillingar
· Sunnhordland museum har lokasjonar i heile regionen og har oppdrag både for den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken. Som del av vårt formidlarteam vil det vera aktuelt å bidra på andre arena ved behov.
Kvalifikasjonar· minimum 3-årig høgare utdanning innan museumsrelevante fag
· erfaring frå arbeid på museum og med publikum
· kunnskap og interesse for historiefaget
· du er strukturert, sjølvstendig, praktisk, får ting til å skje og tek ansvar for resultat
· du har kunnskap om og kan bidra i museet sitt arbeid med SOME og digital formidling
Vi tilbyr· interessant og variert stilling i eit spennande, utoverretta og tverrfagleg miljø
· moglegheit for å delta på relevante kurs
· varierte oppgåver med stor friheit til å utvikla og skapa museumstilbod
· fleksitid
· lønn etter avtale i stillingskode 1434/1364 basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning
Generell informasjon:Stillingsstorleik: 100% fast
Arbeidsstad: Sunnhordlandstunet. Det må påreknast ein del kvelds og helgearbeid.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Direktør Linda Øen tlf: 97067136
Søknad kan sendast til post@sunnhordland.museum.no, søknadsfrist: 20. juni
Om bedriften
Sunnhordland Museum er regionalt museum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionhistoria. Sunnhordland museum forvaltar nær 40 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, samt foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, via den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne skips- og petroleumsindustri.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2353901
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
1a85c2cb-6c05-4949-9fdf-0f671931d38e