Klubbarbeidar i fritidsklubbane i Årdal
Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
2 x 10 % fast stilling i fritidsklubbane i Årdal.
Me har to fritidsklubbar: " Kjedlar`n" i Øvre Årdal og " Mekken" på Årdalstangen.
Det er arbeid på kveldstid onsdag og torsdag, samt ein fredag i månaden.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for planlegging og gjennomføring av arrangement og klubbkveldar
- Tilby eit lågterskeltilbod der ungdom kan møtast, vere seg sjølv og bygge relasjonar
- Bidra til trivsel og førebyggje einsomheit og utenforskap
- Samarbeide tett med ungdommane om å utvikle tilbodet i klubben
- Samtale med ungdom
- Lage og servere måltid i lag med ungdommane
- Delta på ulike arrangement i regi av klubben
- Må helst være fylt 23 år
- Ein må levere godkjent politiattest
- Erfaring med å planlegge eller gjennomføre aktivitetar for ungdom
- Kjennskap til ungdomskulturen
- Utdanning eller pågåande studiar innan f.eks. barne- og ungdomsarbeid, sosialt arbeid, pedagogikk, kultur eller liknande er ønskeleg, men ikkje et krav
- Kreative ferdigheiter eller interesser (f.eks. musikk, gaming, matlaging, sport, kunst) er eit pluss
- Du er ein engasjert person som likar å arbeide med born og unge
- Du brenn for å skape eit trygt, positivt og inkluderande miljø i klubbane
- God på relasjonsbygging
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel, kreativ og tilpassingsdyktig
- Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vil bli vesentleg vektlagd
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter Hovudtariffavtalen, vurdert utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Andre opplysningar
Fritidsklubbane følgjer skuleruta dvs. at me held stengt når skulen har ferie. For å ha fri i feriane er det eit lønstrekk på 1,1% for ei 10% stilling. Det vil då vere ein lønsprosent på 8,9% for stillinga.
Me tilsett fortløpande då klubbane startar opp i veke 36.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a6f89b4-54c5-4687-a911-5d67aaeb9851
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3537253_226805_nn