NGIR Næring AS søkjer vektoperatør i 40% fast stilling
NGIR Næring AS
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vektoperatør
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. august
Liker du å møte hyggelege kundar, og er du god på å halde oversikt når det kokar rundt deg? Ein arbeidsdag i vekta vår kan både vere hektisk og triveleg. Her vil du møte sjåførar som skal levere/ta med seg avfall eller NGIR-innbyggjarar som skal kjøpe grus eller kompostjord.
Stillinga har i dag arbeidstid torsdag og fredag 08:00-15:30.
Det vil i periodar vere mogleg for å arbeide meir.
Oppstart så snart som mogeleg. Arbeidsstad er i Kjevikdalen
I denne rolla vil du ha ansvar for fleire sentrale oppgåver knytt til kundebehandling og logistikk. Du vil registrere kundar og lastevekter, yte god kundeservice, og handtere transportdokument på ein strukturert og effektiv måte.
Kompetanse:Vi ser etter deg som har god IT-forståing og lett for å setje deg inn i nye system. Erfaring frå resepsjonsarbeid eller liknande er ein fordel, men ikkje eit krav. Du må kunne kommunisere flytande på norsk, både munnleg og skriftleg, og ha grunnleggande ferdigheiter i engelsk munnleg.
Kjennskap til NGIR-regionen og god talforståing vil vere nyttig i arbeidet.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er systematisk, sjølvstendig og effektiv. Du bør ha stor arbeidskapasitet og evne til å handtere hektiske periodar. Initiativ, samarbeidsevne og godt humør er viktig, og vi set pris på at du har eit serviceinnstilt lynne og interesse for berekraftig utvikling.
Vi kan tilby deg:Hos oss får du løn etter avtale og pensjonsordning i KLP. Du vil få gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit spanande selskap og ei framtidsretta bransje. Vi har eit godt arbeidsmiljø med kompetente og rause kollegaer, og du vil få grundig opplæring i dei systema vi brukar til vekta.
Det vert lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Du sender søknad elektronisk via søkefunksjonen i utlysinga på finn.no. Attestar, vitnemål og referansar vil vi evt. be om seinare.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Om bedriften
NGIR Næring AS er eit dotterselskap til Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS, som er heileigd av det offentlege. NGIR Næring AS tilbyr avfallstenester, rådgjeving og avfallsløysingar til næringskundar i regionen. Avfallsmottaket og administrasjonen er i Kjevikdalen i Alver kommune, 45 min. frå Bergen og 15 min. frå Knarvik. I dag har NGIR ca. 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1a545bd4-a935-42c6-9942-c30f62a01377
- Hentet fra
FINN
- Referanse
420631655