Hopp til innhold

Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

6650 Surnadal

Om jobben

Stillingstittel
Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest mandag 4. mai

Tannpleiar ved distriktstannklinikken Surnadal (vikariat)

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i vakre Surnadal på Nordmøre? Vi søker tannpleiar i eitt års vikariat fra 1.8.2026. Klinikken ligg i kommunesenteret og har 4 behandlingsrom og 5 tilsette.

Surnadal er ein vakker kommune på Nordmøre med ca. 6000 innbyggarar. Kommunen tilbyr eit rikt kulturliv, gode turmoglegheiter i variert natur og gode oppvekstvilkår. Reisetid til både regionsenteret Kristiansund og til Trondheim er under to timer. Arbeide og bu i Surnadal - Surnadal kommune - Startsida

Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.   

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som tannpleiar.
  • God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg.
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
  • Blir motivert av å jobbe for og med menneske.
  • Jobbar effektivt og sjølvstendig.
  • God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
  • Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter tariffavtale 
  • Oppdatert og fin tannklinikk 
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer 
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) 


Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Alle søknader skal sendes elektronisk via Søk på stilling-knappen på denne siden.

Kontaktpersoner for stillingen

Tone Nord

Fylkestannlege

95468500

Sara Rutley

Overtannlege Kristiansund kompetanseregion

93050553

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal


Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?

Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1a4b9378-a811-467e-81b9-fcaeac7be9c8

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

AMEDIA

Referanse

4562456

Lignende annonser

Laster lignende annonser