Hopp til innhold

Avløyser / gardsmedarbeidar (geit, drift og vedlikehald) – bustad inkludert – mogleg for par – 6 mån engasjement

Arbeidsgiver

Geit Naturlegvis, Stig Moltumyr

Sted

Leira 101, 6190 Bjørke

Om jobben

Stillingstittel
Gårdsarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Hva vi ser etter

Vi søkjer ein praktisk og arbeidsvillig person (eller eit par som vil dele jobben) til arbeid på ein geitegard og to nabogardar. Du kan ha landbruksfagleg bakgrunn, vere nevenyttig (tømrar/snekker/handverkar), ha erfaring med dyr -- eller vere ein uerfaren, men motivert ungdom med rett innstilling.

Må ha: Førarkort (B), traktorførarkompetanse/erfaring, fysisk arbeidskapasitet, pålitelegheit og god arbeidsmoral. Rett til å opphalde deg og jobbe i EU området

Ønskjeleg: Geit/mjølking/ysting, handverksbakgrunn, gardsdrift.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver (varierer med sesong)

  • Dagleg gardsarbeid og dyrestell (geit/kje ved behov)

  • Praktisk vedlikehald: småreparasjonar, snekring, rydding, enkel drift/tilsyn

  • Arbeid knytt til fôr, gjerde, vatn, vinterrutinar, logistikk

  • Traktorkøyring og enkle maskinoppgåver etter evne

Meir informasjon

https://sites.google.com/view/episkfjordgard/work-advertisement

Slik søkjer du

Du fyller ut skjemaet på https://forms.gle/inZf7za9RZ4j8Bwm9. Dersom du kan vere relevant for oss treng vi seinare ein søknad og ein CV.

Vi tilbyr

Stilling: 100% (37,5 t/veke) -- kan delast av to personar (t.d. 50/50 eller etter avtale)

Varigheit: 6 mån engasjement, med mogleg forlenging dersom garden ikkje er seld før

Søknadsfrist: 15. mars 2026

Tilsetjing/løn: Tilsetjing skjer gjennom Avløysarlaget. Timeløn: 185 kr/t (vilkår etter Avløysarlaget sine ordningar)

Bustad: Hus på eigedomen (passar også for par). Nærare avtale om vilkår.

Moglegheit for framtidig kjøp

For rett person (eller par) kan dette også vere ein sjanse til å prøve ut garden i praksis, med moglegheit for vidare samtale om kjøp dersom det kjennest riktig.

Kontaktperson for stillingen

Stig Moltumyr

Om bedriften

Geit Naturlegvis, Stig Moltumyr, forpaktar no garden 1577/233-2 i Volda kommune som driv med mjølkegeit fram til det melder seg ein kjøpar til bruket. Bruket ligg for sal fordi eigaren har funne seg ein make som sjølv har ein familiegeitegard i området. Huset på garden vert ledig og kan nyttast av ein gardsarbeidar fram til eit sal. Forpaktningsavtala har ein 6 månadsfrist på oppseiing og difor er dette berre eit minimum 6 måndars engasjement. Men det trengs hjelp på geitegardande i området også vidare. Vi flyttar ikkje langt vekk og vil vere på staden for å jobbe saman og gje opplæring. Stillinga baserer seg på at den som får henne er villig til å jobbe på tre ulike gardar i nærleiken etter avtale. Vi treng alle fritid og ferieavløysing. Du kan sjå meir på https://sites.google.com/view/episkfjordgard/work-advertisement

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1a1480d2-a368-4422-a8f5-e1fc2850f893

Sist endret

29. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

1a1480d2-a368-4422-a8f5-e1fc2850f893

Lignende annonser