Sjukepleiar Surnadal sjukeheim, faste stillingar og vikariat
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FASTE STILLINGAR OG VIKARIAT FOR SJUKEPLEIARAR.
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Eksterne søkjarar ( ikkje tilsett i Surnadal kommune tidlegare) som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10- års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn 10- års ansiennitet frå tidlegare blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.Om oss:Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).
Hos oss har vi stort fokus på:- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunksjon og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
- veiledning og opplæring
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdteknologi og digitale verktøy
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelhandtering
- fagleg dyktig og engasjert
- ansvarsfull og handlekraftig
- endringsvillig og løysingsorientert
- gode samarbeidsevner
- fleksibel
- kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
19abd827-d9f9-49fd-8392-f832b0020f59
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660795_187099_nn