Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til dei minste? Vi søkjer fagarbeider/ assistent i 100% vikariat!
Stryn Bedriftsbarnehage AS
Vikavegen 2, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeider/assistent i barnehage
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. juli
Stryn Bedriftsbarnehage søkjer ein varm, engasjert og tilgjengeleg fagarbeider/assistent til 100% vikariat frå 01.08.25 til 31.07.26.
Vi er ein privat, tre-avdelings barnehage i vakre Stryn som jobbar målretta med relasjonsbygging og tidleg innsats. Hos oss kjem barnet først - kvar einaste dag. Barna er mellom 1 og 5 år, og vi legg vekt på å vere ein brukarvenleg , trygg og nær barnehage der alle blir sett, forstått og lytta til.
Om stillingaSom fagarbeider eller assistent hos oss vil du vere ein viktig del av teamet vårt og bidra til å skape ein god, trygg og utviklande kvardag for barna. Du vil delta aktivt i leik, aktivitetar, måltid og kvardagsrutiner, og samarbeide tett med pedagogar og kollegaer i planlegging og gjennomføring av det pedagogiske arbeidet.
Vi ser etter deg som:-
Er tilstades for barna med varme, engasjement og respekt
-
Er fleksibel, serviceinnstilt og tek initiativ
-
Har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid
-
Har gjerne erfaring frå arbeid i barnehage
-
Snakkar og forstår godt norsk
Fagbrev som barne-og ungdomsarbeider er eit pluss, men ikkje eit krav.
Vi tilbyr deg:-
Ein meiningsfull og variert kvardag med verdifulle relasjonar
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Fagleg fokus på relasjonskompetanse og tidleg innsats
-
Tett samarbeid i team med høg trivsel
-
Løn og vilkår etter gjeldande tariff avtale i Private barnehages Langsforbund (PBL)
Visjonen vår: Alle skal bli sett, forstått og lytta til
Verdiane våre: Trygg - Nær - Inkluderande
Du vil og få eit nærmiljø som kan by på mange flotte naturopplevingar, sommar som vinter. Sjå gjerne meir på Visit Nordfjord sin heimeside om Stryn kommune er ukjend for deg,
https://www.nordfjord.no/stryn
For å bli tilsett må du legge fram politiattest. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju, og vi vil sjølvsagt gje deg svar på søknaden.
Søknadsfrist: 4. juli 2025Send søknad og cv til Stryn Bedriftsbarnehage gjennom søknadsportalen på Finn.
Vi gleder oss til å høyre frå deg.Om bedriften
Stryn Bedriftsbarnehage er ein privat barnehage som vart stifta i 1992. Barnehagen er drifta som eit aksjeselskap og har eit godt rykte i lokalsamfunnet. Vi har tre avdelingar fordelt på Rødhette, Blåmann og Storavdeling. Barnehagen har venteliste. Barnehagen er open heile sommaren og kun stengt i romjula. Dette er eit gode både for foreldra og dei tilsette. Vi ynskjer å vere ein trygg, god og framtidsretta barnehage for barn, foreldre og tilsette. Heilt sidan oppstarten i 1992 har det vore viktig for barnehagen å framstå som brukarvenleg, serviceinnstilt og fleksibel.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
199448a6-67da-48f0-a636-597c54c98d86
- Hentet fra
FINN
- Referanse
413489735