Sikkerheitsrådgjevar (IT)
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sikkerheitsrådgjevar (IT)
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Rådgjevar
Med auka behov for sikre digitale løysingar søkjer UiB å styrke IT-sikkerheitsgruppa. Gruppas primæroppgåver er å informere, kommunisere og gje opplæring innan informasjonssikkerheit og personvern, samt å arbeide operativt med IT-sikkerheit. Gruppa har ansvar for å bidra til at UiB etterlev krav i personvernregelverk og andre krav til informasjonssikkerheit, og samarbeider tett med UiBs personvernombod, samt med systemeigarar og forskarar. Vi er ute etter ein person som kan delta både i det formelle og i det operative arbeidet med informasjonssikkerheit og personvern og bidra til å styrke vår kompetanse på området
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største og fagleg breiaste IT-miljøa på Vestlandet med om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Avdelinga leverer eit stort spekter av IT-tenester til forsking, utdanning og formidling.
Vi er ein kunnskapsrik og engasjert avdeling med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med universitetets 4300 tilsette og 20 000 studentar. Vi samarbeider tett med dei andre universiteta i Norge. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar. Sjå meir om IT-avdelinga her.
Arbeidsoppgåver:
- Fasilitere og gjennomføre risiko- og sårbarheitsvurderingar og delta i sikkerheitstestar
- Sikre at UiB evner å følge opp tiltak avdekt gjennom risikovurderingar, revisjonar, m.v.
- Ha eit heilskapleg blikk på risikostyring knytt til systemer/løysingar i heile UiBs tenesteportefølje
- Delta i utforming av interne rutinar og regelverk, under dette styringssystem for informasjonssikkerheit og personvern
- Bidra i å vidareutvikle metodeverk for risikostyring og annan fagleg utvikling innan IT-sikkerheit
- Støtte prosjekt eller produktteam som utviklar og nyskaffar IT-løysingar
- Bidra i kursing og foredrag om informasjonssikkerheit
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Det blir krevd bachelor- eller mastergrad innan relevant fagområde. Realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for kravet om utdanning.
- Grunnleggande kompetanse innanfor nytting av informasjonsteknologi og god kjennskap til styringssystem for informasjonssikkerheit, samt risikostyringsrammeverk og - metodikk, t.d. ISO-standardar.
- Sterk interesse for det digitale trusselbildet og utfordringar innan IT-sikkerheit og personvern
- Relevante sertifiseringar og/eller erfaring med å handsame hendingar innan IT-sikkerheit og å delta i beredskapsarbeid i komplekse organisasjonar vil vere ein fordel
Vi søkjer ein person som er:
- Serviceinnstilt og opptatt av å finne løysingar
- Påliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjon
- Sjølvstendig, strukturert og med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Nysgjerrig og med evne til å tileigne seg nødvendig kompetanse
- Evne til å samarbeide og dele kunnskap og gjera problemstillingar knytt til informasjonssikkerheit lettare for andre å forstå
- Gode kommunikasjonsevner (munnleg/skriftleg på norsk og engelsk)
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi kan tilby:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364), løn kr 550.000 til 750.000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
- Fleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jon Eikhaug (jon.eikhaug@uib.no, tlf: 55 58 42 70) , eller IT-sikkerheitsleiar Jimmy Thomsen (jimmy.thomsen@uib.no, tlf: 957 55 220).
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområder.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2441226
- Sist endret
12. oktober 2023
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10173985