Ledig 100% fast stilling som barnevernleiar for felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernleiar for felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. februar
Det er frå 01.07.25 (eller etter avtale tidlegare) ledig 100% fast stilling som barnevernleiar for Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune.
Vang og Vestre Slidre barnevern er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 7,7 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Tenesta er organisert under eining familie, helse og førebygging.
Både sentralt og lokalt står barneverntenesta ovanfor endrings- og utviklingsprosessar, med fokus på det som er best for barnet, samarbeid med barn og foreldre, tverrfagleg samarbeid, fagleg utvikling og trivsel i tenesta. Barnevernleiar vil, som fagleg og administrativt ansvarleg for barneverntenesta, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet. Vi treng ein barnevernleiar som er trygg i rolla og har overskot til å stå i krevjande situasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Fag- og personalansvar
- Avgjerds- og vedtaksmynde etter lov om barneverntenester
- Økonomiansvar i samarbeid med tenesteleiar for familie, helse og førebygging
- Planlegging, koordinering og drift av barneverntenesta
- Internkontroll og kvalitetsarbeid
- Rapportering
- Fagleg og strategisk utvikling
- Saman med dei tilsette sørgje for forsvarlege og effektive tenester
- Sikre forsvarlegheit og god framdrift i sakshandsaming
- Bidra til ein god samhandlingskultur som sikrar heilskaplege tenester for barn og unge i kommunen
- Vidareutvikle ein open og tilgjengeleg barnevernteneste
- Andre relevante oppgåver etter behov. Barnevernsområdet er i endring, og ein må difor rekne med endringar i organisering og oppgåveportefølje.
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog eller sosionom
- Det er ynskjeleg med påbegynt eller fullført masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning i tråd med kompetansekravet
- Erfaring frå arbeid i det kommunale barnevernet
- Leiarerfaring vil bli vektlagt
- Førarkort klasse B (Krav)
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer deg som har:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har evne til endring og til å sjå løysingar og moglegheiter
- Er utviklingsorientert, strukturert og resultatorientert
- Har evne til å opptre samlande og motiverande
- Har evne til heilskapstenking og effektiv ressursforvaltning
- Er ein trygg leiar som evnar å ta avgjerder
- Er ein motiverande og tydeleg leiar med ein ivaretakande og utviklingsstøttande måte å leie tilsette på
- Har god økonomisk innsikt
- Har god relasjonskompetanse
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4905924197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Melanie Degen
Tenesteleiar Familie, helse og førebygging
94978343
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2836196
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a844749fb67748b3bc3b2cb56fed4cb4