Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. april
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Det er ledig stilling ved desse avdelingane:
- Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 2
- Psykiatrisk klinikk, Avdeling akutt psykose, Seksjon S3
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
For stillingane er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Gastrokirurgisk avdeling har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus og 3. kvar helg.
Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Det er svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: Post 1: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærheten til Lagunen Storsenter. Vi har ledig ein 100% fast helsefagarbeidarstilling i to-delt turnus.
I ReHabiliteringsklinikken greier ut og behandlar vi menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. På Nordås er det 33 døgnplassar, og dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Som sjukepleiar her får du arbeide helhetlig både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper.
Vi ønskjar oss medarbeidare som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du må i tillegg ha god fagleg vurderingsevne, være løysingsorientert og meistre høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og en trinnvis oppbygging av kompetanse.
Kontakt: Anja Margrethe Jordal, Seksjonsleiar, Tlf: 55918425.
Psykiatrisk klinikk/ Akutt psykose, Seksjon S3 har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og kvar 3. helg.
Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus eller onkologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for den enkelte avdelingaArbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4942379864
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2895883
- Hentet fra
talentech
- Referanse
45a51dac837c4eb5a54d261a78ffc99b