ID 2434 Helsefagarbeidar natt - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- fagarbeider, helsefag
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 85%
- Arbeidstid
- Turnus, natt, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. april
Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar.
Stord sjukeheim har ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på natt. Stillingane er på 80% og 85% og begge er i turnus med arbeid 3. kvar helg. Arbeid og ansvarsområde:Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Stord sjukeheim er og no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområde og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman med skal aktivt jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester.
I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:-
pleie og omsorgsoppgåver
-
oppfølging av tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
-
Autorisert helsefagarbeidar
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
-
Offentleg tenestepensjon.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
Milenko Tomanic Milenko.Tomanic@stord.kommune.no tlf 40732298
Britt Nelly Hystad Barane Britt.Nelly@stord.kommune.no tlf 92486358
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
18e9891f-ad37-4fdf-b658-907323902a49
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
18e9891f-ad37-4fdf-b658-907323902a49