Hopp til innhold

Vernepleiar 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesveien 14, 5914 Isdalstø, Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar - 100% fast - Kvassnesvegen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert vernepleiar til ei 100 % fast stilling ved Kvassnesvegen bufellesskap, sentralt i Knarvik. Her blir du ein viktig del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø, der samarbeid, humor og tryggleik er ein naturleg del av kvardagen. Stillinga har arbeid kvar tredje helg med kortvakter og er ledig frå 01.04.2026.


Om oss 

Kvassnesvegen bufellesskap består av ni leilegheiter med felles stove og kjøkken – eit heime‑miljø for ni personar med utviklingshemming. Her møter du eit stabilt og engasjert personale med heildøgnsbemanning, inkludert våkne nattevakter. Som del av eit tverrfagleg team med vernepleiarar, barnehagelærarar, helsefagarbeidarar og assistentar, får du kollegaer som både deler kompetanse og humor i kvardagen!

Vi er ein trygg og samansveisa gjeng på 33 tilsette som jobbar tett saman for å gi gode, forsvarlege og individuelt tilpassa tenester. Hos oss får du faglege diskusjonar, støtte frå erfarne kollegaer og eit miljø som verkeleg heiar på deg.


Arbeidsoppgåver

Som vernepleiar hos oss blir du ein sentral del av fagmiljøet og får eit arbeid som betyr mykje – både for deg og for dei du jobbar med. Du vil:

  • vere primærkontakt og ha ansvar for oppfølging av vedtak etter kapittel 9
  • ha medisinsk‑fagleg ansvar og samarbeide tett med lege og spesialisthelsetenesta
  • jobbe målretta med direkte miljøarbeid som skapar tryggleik, utvikling og struktur
  • rettleie kollegaer og bidra til eit felles fagleg løft
  • utarbeide, implementere og evaluere tiltaksplanar
  • bidra inn mot andre bufellesskap ved behov

Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di – og der du blir ein viktig del av eit større lag.


Kompetanse

  • Vernepleiar med godkjent autorisasjon
  • Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
  • Erfaring frå arbeid med kap.9
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

Vi søker deg som:

  • Har sterke relasjonelle ferdigheiter og evne til å bygge tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek gjennomtenkte avgjerder under press
  • Kommuniserer godt og forstår kor viktig både små og store augneblinkar er for relasjonsbygging
  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og tek med deg løysingsorientert tankesett i kvardagen
  • Reflekterer både etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
  • Er fleksibel, tilpassingsdyktig og held fokus på gode løysingar
  • Bidrar aktivt til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi ser etter deg som er tolmodig, engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik, har eit ekte engasjement for brukargruppa, og meistrar både samarbeid og sjølvstendig arbeid

Me tilbyr

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag der du får nytte vernepleiaren i deg!
  • Tilsetjing i kapittel 4 med garantiløn 522 600 - 614 400, avhengig av ansiennitet
  • Særavtale for vernepleiarar, med 9000 kr over tariff 
  • Gratis parkering
  • Grundig opplæring med tett oppfølging
  • Årsturnus med moglegheit til å påverkje eigen turnus
  • Eit inkluderandre arbeidsmiljø med kollegaer som heiar deg fram!

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Kontaktpersoner for stillingen

Ana Milena Opsanger

Avdelingsleiar

+4748857550

ana.milena.opsanger@alver.kommune.no

Oddrun Takvam

Einingsleiar

+4793254751

oddrun.takvam@alver.kommune.no

Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18e82742-1402-4ea5-8781-ec673b63e619

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288509

Lignende annonser

Laster lignende annonser