ID 1946 Sjukepleiar natt - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Antall stillinger
2
Stord sjukeheim har ledig inntil 2 faste årsverk som sjukepleiar på natt frå 01.03.23. Nattevaktturnus har arbeid kvar tredje helg.
Det er mogleg å tilpassa stillingsprosent etter ynskje og behov, mellom 60 og 100% stilling.
Stord sjukeheim har 117 pasientar fordelt på 6 avdelingar. Ledig stilling er på natt og er difor ikkje knytt til ei spesiell avdeling. Nattevaktene ved Stord sjukeheim er organisert i tre grupper som høyrer til kvar sine bygg, og rullerer mellom fleire avdelingar på bygga.
Arbeid på natt krev at ein er fagleg trygg, at ein lik å arbeide sjølvstendig samstundes som ein må vere god på samarbeid.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marianne Leth Lups, tlf 53 45 43 73 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2215192
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
18e39975-e477-4ddc-abc5-ab19850f4036