Sommarjobb Værnes garnison
Forsvarsbygg
7502 Stjørdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb Værnes garnison
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. april
Forsvarsbygg søker etter 3 sommarvikarar til Værnes garnison. Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august).
Vi søker deg som skal sjå til at vedlikehald utomhus blir tatt vare på ved garnisonens ansvarsområdet. Dette innebærer også ansvar for lokasjonar utenfor Værnes garnison.
Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stell av bed og parkanlegg.
- Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter seg som er:
- Trivast ute og som jobbar sjøvstendig og effektivt
- God til å samarbeide
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 18 år
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Du må ha førarkort kl. B
- Det er ønskeleg at du har bakgrunn frå eller kjennskap til malerarbeid, gardsarbeid, gartnerarbeid el.
- Det er ønskeleg at du har førarkort kl. BE
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Øyvind Melhus, Områdeleiar, 900 79 101Arbeidssted
7502 Stjørdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ForsvarsbyggReferansenr.: 4931191426
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 24.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Øyvind Melhus
Områdeleiar
900 79 101
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2897873
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2fc7fc1b0374371b6a820548e8c2660