Hopp til innhold

Overlege

Arbeidsgiver

Barne- og ungdomsavdelinga, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Overlege
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 5. mars

Vil du vere med å forme framtidas barne- og ungdomshelsetenester?

Barne- og ungdomsavdelinga (BUA) ved Førde sentralsjukehus har ledig svangerskapsvikariat for overlege/spesialist i perioden 01.06.2026 - 31.05.2027.
Stillinga er ei kombinert spesialiststilling, med 50 % arbeid i barnehabiliteringstenesta (HABU) og 50 % klinisk arbeid/vaktordning i generell pediatri ved BUA.

Vi søker ein erfaren og engasjert spesialist med kompetanse og erfaring innan habilitering til barn og unge, nyfødtmedisin og generell pediatri (0 - 18 år).

Individuelt tillegg : kr 45.000,-

Om Barne- og ungdomsavdelinga (BUA)
BUA er ei generell pediatrisk avdeling som tek imot nyfødde og premature f.o.m gestasjonsalder 32, samt yngre barn etter stabilisering ved regionsjukehus. Elles behandlar avdelinga alle barn og unge frå 0-16 år (kronikarar til 18 år). Avdelinga arbeider for å heve aldersgrensa til 18 år for alle unge, i tråd med nasjonal  ungdomshelsestrategi.

BUA omfattar sengepost og poliklinikk, i tillegg til legeteneste ved habiliteringstenesta (HABU) og i Statens barnehus.

Om stillinga
  • 50 % HABU: arbeid med habilitering for barn og unge, i eit tverrfagleg og spesialisert fagmiljø.
  • 50 % BUA klinikk/vakt: generell pediatri, inkludert nyfødtmedisin og deltaking i vaktordning.

Vi søkjer deg som er genuint opptatt av faget, og som på sikt vil styrke vårt team av dyktige overlegar.          

Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Visittarbeid ved sengepost, vakt, poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge i alderen 0-18 år
  • Legeoppgåver i tverrfagleg team ved Habilitering for barn og unge
  • Undervisning i avdelinga og rettleiaransvar for legar i spesialisering. 
  • Administrativt arbeid bla knytt til klinisk drift og undervisning.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i barnesjukdommar 
  • Må ha norsk autorisasjon som lege/spesialist
  • Må beherske generell pediatrisk vaktkompetanse inkl. nyføddmedisin 
  • Gode språkkunnskapar. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge i Barne- og ungdomsavdeling vil bli føretrekt 

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt og strukturet
  • God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Trivst med vaktarbeid 
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig, fleksibel og ha evne til omstilling.

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsavtale i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Individuelt tillegg : kr 45.000,-
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie, permisjonar) og oppgåver  
  • Tett, trygt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
  • Spennande og bredt fagområde

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. 

Kontaktinformasjon

Solveig Horstad Berget, Avdelingssjef, (+47) 578 39 116

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5074981848
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 05.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Solveig Horstad Berget

Avdelingssjef

(+47) 578 39 116

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18ce87b3-3059-4755-b8d3-595a3583b080

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7c855126990b4e289d8d56d56008e67b

Lignende annonser