Hopp til innhold

Lege i spesialisering innan psykiatri

Arbeidsgiver

Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Parkvegen 84, 6412 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering innan psykiatri
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med på laget vårt?

Vi har ledig fast utdanningsstilling i psykiatri i Molde frå 01.01.26 og et vikariat fra 05.01.26-04.10.26. Oppstart ved Akuttpsykatri SNR Oppstartdato både før og etter er aktuelt.  

I Molde har vi 7 ulike seksjonar som tilsaman dekker alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gje LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset. For LIS3 vil denne vere ca 18-delt tilstedevakt. Stillingen vi no lyser ut inngår i rotasjonsordninga.

Hausten 2024 flytta sjukehuspsykiatrien inn i moderne lokaler i det nye Sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset, og våren 2025 flytta resten av somatikken også inn. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar 
  • Sjølvstendig arbeid med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar 
  • I samarbeid med psykiater gjere vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling 
  • Deltakelse i vaktordning 
  • Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Lege før turnus kan også vere aktuelle til kortare vikariat
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert  
  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du kommuniserar godt både internt og eksternt 
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg
 Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri! 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg 
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5033085807
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 04.10.2026
Søknadsfrist: 15.01.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

18c2dd3b-3594-414a-8e95-be48d1181bb3

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b5bf837a5cc9439fa1615d0580a200e7

Lignende annonser

Psykiater

Arbeidsgiver

Akutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Hjelset