Hopp til innhold

Ergoterapeut

Arbeidsgiver

Eining for velferd, Nissedal kommune

Sted

Treungvegen 398, 3855 Treungen

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 24. mai

Er du vår nye ergoterapeut ?

Vil du vere ergoterapeut i Nissedal og Fyresdal kommune ? Me har ledig ein særs spennande stilling som
ergoterapeut i 100 %. Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom Nissedal kommune  og Fyresdal kommune, kor 30 % av stillinga er knytta til ergoterapeut oppgåver i Fyresdal kommune.  Arbeidsstad vil i hovudsak vere i Nissedal.

Som ergoterapeut  vil du vere ein sentral person innanfor områda ergoterapi, kvardagsmeistring og  demensomsorg. Me har stort fokus på framtidsretta og heilskapelege tenestar til våre innbyggarar.

 

Me håper akkurat DU søkjer hjå oss


Arbeidsoppgåver

Arbeide tverrfagleg med tenestekontor,  fysioterapeut, demenskoordinator og andre
samarbeidspartnarar, når det gjeld kartleggingar, funksjonsvurdering og tilrettelegging av aktivitetar for heimebuande både med eit demensfokus og mestrinstankegang/ kvardagsmeistring

Førebyggande heimebesøk

Bistå innbyggjarar med søknadar om ombygging/ tilrettelegging av bustadar

Ordinære ergoterapi oppgåver knytta til hjelpemidlar

40 % av stillinga er på dagsenter tilbodet for heimebuande personar med demens

Kvalifikasjonar

• Autorisert ergoterapeut

Personlege eigenskapar

Du er :

• Engasjert

• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne

• Fleksibel og løysingsorientert

• Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner

• Respekt, forståelse og empati for brukar, samarbeidspartnarar og kollegaer

• Høg arbeidsmoral

• Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø

• Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, emn ikkje eit krav

 

Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.

Vi tilbyr

Ein særs spennande stilling, kor du er med på å utvikle og påverke framtidas tenestetilbod i
Nissedal kommune

Eit godt arbeidsmiljø

Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman

Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving

 10 års inngangsansiennitet for høgskulepersonell

Lønn etter avtale

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.

Kontaktinformasjon

Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619

Arbeidsstad

Treungvegen 398
3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5123563083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Hannelore Skeimo

Kommunalsjef velferd

+47 92462619

Om bedriften

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

188806d9-48ff-4686-bed7-d3623de1c5ad

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cb3acfd11ae344139c7726ba3788fc37

Lignende annonser

Laster lignende annonser