Ungdomslos
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomslos
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. juli
Om stillinga
Vil du vera med sikre ungdom rask hjelp mot arbeid eller utdanning?Som ein del av Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid kan du være med å finne gode løysingar for ungdom som er i ferd med å falle ut eller er ute av skule, være pådrivar for å utvikle gode samarbeid med næringslivet i regionen og sikre at arbeidslivet tek i bruk den unge arbeidskrafta? Målgruppa er ungdom under 25 år som treng oppfølging utover direkte formidling til kvalifisering, utdanning eller arbeid, frå det året dei går i 10.klasse.
Med midlar frå Bufdir og Osterøy kommune søkjer vi no etter ein ungdomslos knytt til Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeid i eit engasjement på 1 år, men det kan bli forlenga.
Jobbmot skal rettleie både ungdomen og arbeidslivet slik at unge på ein god måte finne sitt virke i regionen vår. Vi skal levere rask rettleiing for å kople rett teneste til ungdom og arbeidsgjevar. Kompetansesenteret skal og gje rådgiving til samarbeidspartnarane våre, då særskilt grunnskule og arbeidsgjevar. Som ungdomslos vil du tilby kartlegging og rådgjeving til både ungdom, arbeidsgjevarar og samarbeidspartar, samt være eit bindeledd mellom instansane rundt ungdommen.
Søkjer må være førebudd på noko ukurant arbeidstid. Grunna prosjektets mål om å være til stades på ungdomens arenaer og å tilpasse oss målgruppa, er det ønskjeleg at prosjektmedarbeidaren er fleksibel og kan tilpasse arbeidstida til dette.
I søknadsteksten ber vi deg reflektere over kva som motiverer deg til å søkje denne stillinga.
I Jobbmot vil du være ein del av eit team på 4, og ein av 3 ungdomslosar. Vi har base i Knarvik, men du vil ha ein mobil arbeidskvardag i regionen og Nav Osterøy. Du vil ha ansvar for Osterøy kommune og følgje opp ungdom, utvikle samarbeid med næringslivet i regionen, intergreringarbeid, Osterøy vidaregåande og ungdomskule og andre samarbeidspartar i området. Du vil vera tilsett i NAV Osterøy.Litt om Jobbmot kompetansesenter for ungdom og arbeidMålgruppa er ungdom frå 10 klasse til 25 år, og arbeidsgivarar i Nordhordland.
Jobbmot er eit bindeledd mellom ungdom og næringslivet i regionen. Vi gjer råd til ungdom, arbeidsgivarar, føresette, rådgjevarar i skule, lærarar og samarbeidspartar, og tilbyr individuell oppfølging til ungdom som ønskjer endring.
Arbeidsoppgåver
- Gi ungdom tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og veiledning i og utanfor skule, og i overgang mellom grunnskole og vidaregåande opplæring og overgang skule/arbeidsliv.
- Direkte kontakt med arbeidsgjevarar i regionen
- Individretta arbeid med ungdom som er innanfor målgruppa til LOS ordninga
- Nært samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere rundt ungdommen
- Råd og rettleiing til samarbeidspartar
- Utvikle og gjennomføre tiltak retta mot målgruppa
- Delta i ulike samarbeidsforum
Vi tilbyr
- Å vera ein del av innovasjon og nybrottsarbeid i region Nordhordland.
- Utgjere ein skilnad for ungdommen i regionen vår.
- Spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling.
- Godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer.
- Relevant opplæring, og gode høve til utvikling.
- Fleksitidsordning.
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning
Kvalifikasjonskrav
- Minimum tre års relevant utdanning frå høgskole eller universitet, til dømes sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God rettleiings- og relasjonskompetanse.
- God kartleggings- og karrierekompetanse
- Må ha erfaring frå arbeid med av ungdom
- Førarkort klasse B.
- Kjennskap til arbeidsmarknad og næringslivet
- Kunnskap om utdanningssystemet, hjelpeapparatet rundt ungdom og arbeidsmarknaden i regionen er ein fordel.
- Kjennskap til Nav, fylkeskommune og offentleg forvaltning er ein fordel.
Kven er du og kva personlege eigenskaper ser vi etter:
- Brenn for ungdommen i regionen vår
- Gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit hos eit mangfald av menneske
- God til å skape relasjon med arbeidsgjevarar
- Evne til å få ungdom til å sjå moglegheiter framfor hindringar
- Du er god til å lytte og likar å vere saman med ungdom
- Evne både å jobbe sjølvstendig og i team
- Du er dyktig til å koordinere og har gode samarbeidsevner
- Du er god på møteleiing, fagleg trygg og sjølvstendig
- Motivasjon for arbeidsretta oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar
- Pågangsmot, godt humør og gode kommunikasjonsevner
- Evne til å vise fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og være ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å sette seg inn i nye IKT- verktøy og digitale plattformer
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
185de1be-3da6-4a29-900a-ba7a6d342a34
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256126