Byggdriftar/vaktmeister, 100% fast
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Eigedomsforvaltning. Tilsetjing 100% fast stilling byggdriftar/vaktmeister
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me er 24 tilsette som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.
Stillinga har oppmøtestad Eivindvik v/ Eivindvik skule og barnehage, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Drift- og vedlikehaldsoppgåver på kommunale bygg og uteområde
- Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma
- Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar
- Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet
- Har grunnleggande datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Krav om førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
- Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
- Trivst med fysisk arbeid
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
Kontaktperson for stillingen
Kristoffer Elvebakke
Einingsleiar Eigedomsforvaltning
+4794156701
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted