Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Barneavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering, barnesjukdomar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Vil du være med på ein jobb der ingen dagar er like, og hvor du kan skape tryggleig, glede og gode augeblikk for barn og unge?
Her finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles lidenskap for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel!
Barne- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet. Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3. Oppstartsdato etter avtale.
Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering.
👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg!
Kva går jobben ut på?
- Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
- Delta i utgreiing og behandling
- Deltaking i undervisning
- LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Du må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande.
- Norsk autorisasjon.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .
- Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling.
- Er god på kommunikasjon.
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
- Set pris på å samarbeide med kollegaer.
- Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene.
Kvifor skal du velje oss?
- Hos oss får du kollegaer som tek vare på kvarandre og skapar eit godt arbeidsmiljø.
- Vi har eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og utviklar oss saman.
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barn, +4791875039Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4995195610
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne Margrethe Øritzland
Avdelingsleiar - barn
+4791875039
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
182b5a79-09b2-4119-8e72-7f7a3b99a0e0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
922415f9cef14e1582e6ad67abc9ce1c