ID 2356 Kokk - Knutsaåsen omsorgssenter
Stord kommune
5417 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vårt mottakskjøkken på Knutsaåsen omsorgssenter. Arbeid kvar tredje helg må påreknast.
Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og me vil i større grad bygje eit samla kompetansemiljø innan kjøkkentenester for begge institusjonane.
Me har frå snarast ledig fast 50 % stilling som kokk med koordinatorfunksjon ved Knutsaåsen omsorgssenter.Kjøkken koordinatorfunksjonpå mottakskjøkkenet inneber eit overordna ansvar for drift og fagleg utvikling, kvalitetssikring og struktur i kjøkkenarbeidet. Rollen skal bidra til god samhandling og sikre at rutinar og prosedyrar vert følgde og vidareutvikla i tråd med gjeldande krav og behov. Koordinatoren har eit særskilt ansvar for å ivareta ernæringsmessig kvalitet, hygiene på kjøkkenet, og skal vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Kvalifikasjonskrav:-
Fagbrev som kokk er ønskjeleg
-
Erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken
-
Kunnskap om Internkontroll mat i institusjon
-
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
-
Me oppmodar også deg med relevant erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken, utan fagbrev, til å søkje.
-
Du må kunne jobbe sjølvstendig
-
Tilbereding av måltid i tråd med gjeldande kosthaldskrav
-
Ivareta god hygiene og trygg matproduksjon
-
Kjøkkenkoordinator
-
Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
-
Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
-
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Høgt faglig nivå
-
Etablert tverrfagleg samarbeid
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar, ta kontakt med: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
181d16fb-1633-4f3b-8099-a1b789358576
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
181d16fb-1633-4f3b-8099-a1b789358576