Vernepleiar 100% fast
Alver kommune
Manger, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar 100% - Hannesvegen bustader
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. august
Om stillinga
Me er på jakt etter vernepleiarar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Som vernepleiar vil du få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.
Du må trivast med å arbeida strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg!
Om oss
Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er ei avdelinga som består av fleire bustadgrupper og nokre avlastingsplassar. Tenestemottakarane har ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov.
Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestemottakarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestemottakarane og kvarandre.
Hjå oss arbeider det vernepleiarar, miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Krav til stillinga
- Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2.
- Førarkort kl.B
- Grunnleggjande IKT-ferdigheiter.
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Ønskeleg kompetanse
Det er eit føremon om du har:
- Erfaring med Kap. 9
- MAP eller anna lavaffektiv tilnærmingsmetode
- Kompetanse på Geriatri/somatikk
Me tilbyr
- Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag, der du får brukt vernepleiaren i deg!
- 50 000 i rekrutteringstilskot mot binding i 2 år
- 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar
- Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med medarbeidarar som tar deg godt imot.
- Årsturnus med hovedvekt av langvakter
- Konkurransedyktig løn
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kven er du?
- Du har engasjement for faget og brukargruppa
- Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det
- Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner
- Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar.
- Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
18119334-6e15-4fa3-914e-6ced66d15d11
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257529