Rådgivar/førstekonsulent
Møre og Romsdal Politidistrikt
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgiver/førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. mars
Om stillinga
Vil du vere med å bidra til eit tryggare samfunn, der du har oppgåver i skjeringspunktet mellom juss, samfunn og tryggleik? I denne stillinga blir du ein del av seksjon for forvaltning, der du vil jobbe i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og førebygging.
Du får ein variert arbeidskvardag med ansvar og fagleg utvikling, der du behandlar saker på kontoret, følgjer opp kontrollar ute i felt og samarbeider på tvers av politiet sine fagområde. Hovudarbeidsoppgåvene for stillinga er våpenforvaltning.
Seksjonen tilhøyrer felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie, og oppmøtestad for stillinga er ved Hustadvika politistasjon. Gjennom grundig saksbehandling, oppfølging og kontrollar er vi med på å førebyggje kriminalitet og ulykker, samtidig som at vi bidrar til rettstryggleik for innbyggjarane våre.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter motiverte personar med interesse for forvaltning, lover og reglar. Du må raskt kunne setje deg inn i nye problemstillingar. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sitt daglege arbeidet. Du er effektiv samtidig som du har evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og med evne til å byggje tillit til publikum.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandling innanfor våpenforvaltninga
- kontrollverksemd innan våpenfeltet ved kontroll av forhandlar, tilverker og skytebaner
- internkontroll i våpenforvaltningen
- halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og rundskriv
- bidrag til å førebyggje gjennom god forvaltning
Andre oppgåver innanfor forvaltningsområdet kan bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå (fortrinnsvis innan juss, samfunnsvitenskap, administrasjon eller liknande). Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk, samt gode ferdigheiter i engelsk
- kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
- god digital kompetanse og evne til å setje deg raskt inn i nye system
- førarkort klasse B
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring med handtering av våpen og ammunisjon
- kunnskap om tekniske krav til og forvaltning av skytebaner
- erfaring frå saksbehandling og publikums-/kundebehandling
- erfaring frå politiet sine datasystem
- evne til å setje seg raskt inn i regelverk og bruke det korrekt
Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å ta sjølvstendige vurderingar, ta initiativ og ansvar.
- Du er engasjert og fagleg nysgjerrig.
- Du har stor arbeidskapasitet og er god på å handtere stress, med evne til å prioritere og jobbe effektivt og strukturert.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Du er motivert og positiv, med evne til å bidra til eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil bidra inn i politiet sitt viktige samfunnsoppdrag
- stillinga blir lønt som rådgivar (stillingskode 1434), frå kr. 600 000 til 735 000 brutto per år, eller førstekonsulent
(stillingskode 1408) frå kr. 510 000 til 620 000 brutto per år - endeleg plassering i stillingskode og lønn er avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar
- du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17f09299-48ae-4258-8761-2e5a1f7e28dd
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284064
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fosterhjemstjenesten i Bufetat, region Midt-Norge, avd. Trondheim, Bufetat
Sted
Trondheim, Molde, Steinkjer, Ålesund
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Sted
Ålesund, Molde
Arbeidsgiver
Hustadvika kommune Bo- og habilitering
Sted
Elnesvågen