Vikariat som rektor ved Sogndal opplæringssenter
Sogndal kommune Sogndal opplæringssenter
Hovevegen 2 , 6856 Sogndal
Om jobben
Antall stillinger
1
Om stillinga
Me søkjer rektor ved Sogndal opplæringssenter for kommande skuleår. Opplæringssenteret ligg sentralt til i Sogndal med eit nærområde som innbyr til variert og inkluderande opplæring.
Som rektor ved Sogndal opplæringssenter skal du leia omlag 16 tilsette. Me tilbyr norskopplæring for vaksne og grunnskule for vaksne. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for deltakarane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Skulen er også ein del av ein større heilskap – Sogndalsskulen. Som rektor er du også ein del av fellesskapet for skuleleiarar i ein ny og relativt stor organisasjon. Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og dine tilsette sikra god kvalitet og utvikling for elevane uavhengig av kvar ein bur i den langstrakte kommunen.
Me søkjer ein relasjonssterk og inkluderande leiar til å leia Sogndal opplæringssenter kommande skuleår.
Arbeidsoppgåver:
Pedagogisk utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.
- Prøveavvikling (grunnskule, norskprøver, samfunnskunnskapsprøver, statsborgarskapsprøver).
Samspel med ulike institusjonar, deltakarar og nærmiljø.
Oppfølging av deltakarar og deltakarane sitt læringsmiljø.
Personalansvar og oppfølging av dei tilsette.
Økonomiansvar og administrasjon.
Sikre god og heilskapleg koordinering av Sogndal opplæringssenter sitt arbeid mot eksterne samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar:
Relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring.
Ynskjer om formell leiarutdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Ynskje om at ein har kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.
Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ
Evne til å jobba både i team og sjølvstendig.
Strukturert, tydeleg og målretta
Stor arbeidskapasitet
Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
Gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar
- Løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289509
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3137503_200255_nn