Resepsjonsmedarbeidar - 25% studentstilling
Universitetet i Oslo
Karl Johans gate 47, 0162 Oslo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Resepsjonsmedarbeidar - 25% studentstilling
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 14. mai
Om stillinga
Er du blid, serviceorientert, arbeidsam og fleksibel?
Frå august har vi ledig ei fast 25 % stilling som sekretær (SKO 1070). Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon og er ei av to stillingar i resepsjonen. Instituttet er eit av fem institutt ved fakultetet, og har ca 85 tilsette.
Den som vert tilsett skal sitte i resepsjonen til instituttet for å ta imot gjestar og varelevering, samt svare på spørsmål knytt til tilsette og lokala i bygget og dei andre universitetsbygga i sentrum.
I tillegg kan ein bli spurd om å hjelpe med enklare administrative oppgåver.
Arbeidsoppgåver
• resepsjon – mottak av besøkande og varer
• enkle administrative oppgåver
Kvalifikasjonskrav
• kjennskap til fakultetet og instituttet
• kjennskap til bygningane
• erfaring med tilsvarande oppgåver vert vektlagt
• vi ser helst at du er jusstudent
Personlege eigenskapar
• har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
• er serviceinnstilt
• er fleksibel
• er utadvendt og har godt humør
Vi tilbyr
- hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- gode velferdsordningar.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Løn som sekretær SKO 1070 innanfor eit spenn mellom kr 380 000,- og 410 000,-, avhengig av kompetanse
Inkluderande arbeidsliv og mangfald ved UiO
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ein balansert kjønnsfordeling og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Vidare ynskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Vi håpar du søker på stillinga hos oss.
Søknad
Søknaden skal innehalde:
• søknad og CV
• elektroniske kopiar av attestar og vitnemål
Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillinga”.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for privatrett er eit av fem institutt ved Det juridiske fakultet og består av ca. 85 medarbeidarar. Instituttet er det største norske fagmiljøet innanfor privatrettslege fag.
Sektor
Offentlig
Nettsted