Sjukepleiar - Akuttmedisinsk avdeling
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 80% fast stilling
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. juni
Voss sjukehus er sentralt plassert på vestlandet der ulike aktivitetar og årstider skapar god dynamikk i arbeidsoppgåver, samstundes som ein har tilbod om spanande fritidsaktiviteter i ei venleg bygd.
Akuttmedisinsk avdeling ved omfattar funksjonane akuttmottak, legevaktsentral, legevakt og akuttpoliklinikk. Arbeidskvardagen hjå oss inneber tverrfagleg samarbeid og mange spanande pasientmøter, der ein får høve til å utvikle seg og bli ein del av eit solid fagmiljø.
I avdelinga er det tilsett omlag 30 sjukepleiarar/merkantilt personell som tek i vare alle oppgåver. Ein stor del av dei tilsette har vidareutdanning innan akuttsjukepleie og tek i vare ulike spesialiserte ansvarsområde i avdelinga og for sjukehuset.
Vikariatet startar 18. august, men dersom den som vert tilsett ikkje er kjent med arbeidsoppgåvene er det ynskjeleg å starta tidlegare med tanke på opplæring. Det er ynskjeleg at du spesifiserer i søknaden din når du tidlegast kan starta i stilling/opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for akutt sjuke og skadde pasientar til innlegging
- Vurdering og rettleiing i legevaktsentral
- Ansvar for pasientar som kjem til legevakta
- Drift av akuttpoliklinikk
- Deltaking i ulike akutteam
- Beredskapsarbeid
- Øvingar- tverretatleg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 2 års klinisk erfaring frå akuttmedisin og/eller legevakt
- God kunnskap om ulike system innan helse-IKT
- Gjennomført kurs i vald- og overgrepshandtering (e-læring)
- Gjennomført opplæring, og har erfaring med bruk av nødnett
- Ei fordel om ein har gjennomført kurs i akuttmedisin, men ikkje eit krav
- God kunnskap om det geografiske ansvarsområde til Voss sjukehus og Voss interkommunale legevakt
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter sjukepleiarar som har gode ferdigheiter i å prioritere mellom arbeidsoppgåver og pasientar i ein travel arbeidsdag
- Du meistrar stress og bidreg til å finne gode løysingar i kritiske situasjonar
- Du utfører sjukepleieroppgåver med fagleg integritet og tryggleik
- Du er bevisst din rolle i arbeidsmiljøet og bidreg med godt humør og openheit
- Du kommuniserer godt med samarbeidande fagpersonell, på tvers av proffesjon
- I samtale med pasientar er du trygg, audmjuk og lyttande
- Du er nysjerring, endringsorientert, arbeider effektivt og nyttar ledige stunder og kollegaer til fagleg utvikling
- Du er føreseieleg, presis og bidreg til god dialog med alle samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
På jobb i denne avdelinga er ingen dag lik. Vi tilbyr spanande arbeidsdagar med fagleg utvikling innan dei fleste akuttmedisinske fagområde.
- Fagdagar i turnus
- Samtrening med ambulanseteneste og legevaktlegar
- Årsturnus med høve til å koma med ynskjer
- Ein framtidsretta beredskapsorganisasjon
- Unikt samarbeid mellom kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste
- Støttande og fagleg sterke kollegaer
- Leiing som er tett på drift og personalet i kvardagen
- Lønn etter overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Avdelingssjukepleiar, 56533774Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4977390299
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 12.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Elin Seim
Avdelingssjukepleiar
56533774
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted