Spesialpedagog, ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen
Giske kommune, Valderøy barneskule
Øvstevegen 19, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialpedagog - ledige stillingar ved Valderøy barneskule, Basen
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 21. mai
Vi søkjer engasjerte og kompetente spesialpedagogar, eller pedagogar med relevant vidareutdanning, til ei fast 100 % stilling og eit vikariat i 100 % stilling i den forsterka avdelinga vår i Giske kommune, Basen. Begge stillingane er ledige frå 01.08.2026 og vikariatet gjeld ut skuleåret 2026/2027. Du må oppgi i søknaden dersom du ikkje er aktuell for begge stillingane.
Basen har 11 elevar med ulik grad og type funksjonsnedsetting. Du vil arbeide saman med eit tverrfagleg personale med høg kompetanse og stort engasjement.
Avdelinga er lokalisert ved Valderøy barneskule og starta opp hausten 2025. Vi har elevar frå 1.–10. trinn. Mange av elevane våre er knytte til ordinære klassar ved skulen, og vi er ein aktiv del av fellesaktivitetar på skulen.
Våre satsingsområde er kommunikasjon, fellesskap og læring. Vi arbeider målretta for å gi elevane størst mogleg sjølvstende og meiningsfull deltaking på livets ulike arenaer. Vi er opptekne av å sjå moglegheiter – ikkje avgrensingar.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for opplæringa til elevar på forsterka avdeling
- Utarbeide og følgje opp Individuelt tilpassa opplæringsplanar
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg, også arbeid utført av andre
- Samarbeide tett med heimen
- Samarbeid med andre instansar (PPT, habilitering m.fl.)
- Aktiv deltaking i utviklingsarbeid på avdelinga
- Tett samarbeid med andre pedagogar og fagarbeidarar
Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning med spesialpedagogikk. Anna relevant utdanning/kompetanse kan òg bli vurdert
- God kompetanse og erfaring i bruk av ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon)
- God digital kompetanse
- Erfaring med non-verbale barn er ønskjeleg
- Erfaring frå arbeid med elevar med samansette behov er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg, og kunne bruke nynorsk som kommunikasjonsspråk.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg i profesjonsrolla
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide i team
- Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Kunne stå i krevjande arbeidsoppgåver
- Engasjert i elevane si utvikling på alle områder
- Leiken og byr på deg sjølv
- Glad i nye utfordringar
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Ei nystarta avdeling der du i stor grad kan vere med og påverke utviklinga av ei viktig og meiningsfull verksemd
- Ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag
- Gode rammer for samarbeid og kompetansedeling
Kontaktinformasjon
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Arbeidsstad
Øvstevegen 196050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5125188627
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Oddfrid Reinlund
Rektor
+47 48023464
Ragnhild Hauge Steffenssen
avdelingsleiar
40234503
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1718feb3-3a89-4ac4-a682-b53518b062f1
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
07371809e9414e5e9e62d093bd3cd2b8